Billig mat, Mat, Middag
Comments 2

Tømme kjøleskapet

Av og til handlar matlaginga ikkje så mykje om delikat komposisjon, men om å få ete opp det som ein må kvitte seg med. Vi reiser i dag, så middagen i går var eit prosjekt som hadde to mål: Å syte for at alle vart mette, og å bruke opp mest mogeleg av det som sto i kjøleskapet. Det vart ein pastagrateng med bacon og brokkoli, og det vart slett ikkje så verst. Baconet var ein slik avskjærpakke som gjekk ut på dato 27.03., men den var like fin. Som du har forstått er eg litt liberal når det gjeld slike datoar. Slik gjorde eg det:

Pastagrateng med bacon og brokkoli

img_5567400 g pasta, vi brukte skjell

Ein bukett brokkoli

200 g bacon

100 g ost

8 dl mjølk

2 ss smør

2 ss kveitemjøl

Salt, peppar og muskat

Set omnen på 200 grader. Kok opp pastavatn, og legg i pastaen. Smelt smøret i gryta, rør inn mjøl og slå på mjølk. Rør glatt, og la det heile koke opp medan du rørar. Smak til med salt, peppar og muskat. Ta sausegryta av plata, og rør inn osten. Skjer baconet i passe bitar, og steik dei i ei steikepanne. Del brokkolibuketten i små bukettar, og la bukettane koke med pastaen dei siste to minutta. Hell av kokevatnet, og ha brokkoli og pasta i ei eldfast form. Ha over baconet, og den kvite sausen. Har du litt til ost, så strø den over før du set forma i omnen. Har du vårløk eller purre, kan du godt ha det i. Bacon kan byttast ut med skinke. Steik gratengen på 200 grader i 18-20 minutt. 

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Måler du alltid opp ingrediensene når du lager mat, også når du “tømmer kjøleskapet”?

    Hos meg går det mye mer på “ha i passe med”, “smak til med”, “til den får passe konsistens”, osv. Så jeg er stort sett ikke i stand til å si hvor mye som går med av hva.

  2. Eg skriv oppskrifter for å ha dei på trykk i ein avis, og då er det med mål viktig. Hadde eg skribla ned ei oppskrift til deg på ein lapp ville eg nok vore meir i din stil, men når ting skal på trykk avvergar eg mange spørsmål ved å sette opp dei måla eg veit fungerer.

    For kakeoppskrifter, til dømes, fungerer ditt prinsipp berre sånn passe. Der må stort sett (dei relative) måla stemme, elles er det kort veg frå suksess til fiasko. Middagsoppskrifter er meir omtrentlege, der kan ein slumse litt, og likevel få eit bra resultat. Karen Marie Ellefsen sa ein gong at oppskrifter der det står “smak til med salt” brukte ho aldri, ho stolte ikkje på si eiga evne til å vurdere om noko var salt nok, og ville ha eit mål.

    Eg forutset at mine lesarar veit kva som er passe salt, og tek i litt og litt til dei er fornøgde, men forøvrig prøver eg å gje nokolunde eksakte mål, det sikrar eit godt resultat, reduserer antallet kjøkkenkatastrofer og spørsmål (som forøvrig er hyggeleg) og gjer at folk vågar seg utpå, ganske enkelt. Manglar du kjøkkenrutine følest det tryggare å ha eksakte mål.

Leave a Reply