Frustrasjonar
Comments 12

Eg blir så eitrande…

Det burde vere ei smal sak, å laste ned ein drivar til eit kamera slik at maskinen og kameraet snakkar saman. Men neida. Mitt Canon EOS 350D er ikkje i posisjon til å kome i kontakt med min noko slitne, men fullt ut fungerande laptop.

Eg er på randen til samanbrot, og må kapitulere og gå over til eit lite lommekamera som trettenåringen lånar meg for å redde mora si frå hjarteatakk og kamerakramper.

Kor vanskeleg kan det vere? Heime har eg ein strålande fin stasjonær mac, som spring ut i verda i det øyeblikk den får ein plugg i sida, og hentar den programvara som skulle trengast for slik kommunikasjon. Men klarer ein pc det same? Nei.

Eg byrja med «data» i 1988, på ein fin, liten mac på universitetet, som sikkert kosta eit heilt studielån. Eg huskar enno frustrasjonen over å møte pc-verda i 1992, då eg kom i skrivande arbeid. I dag har eg attopplevd denne kjensla, og må berre få lov til å skrive av meg frustrasjonane her. Takk for at dokke høyrde på, vennlege sjeler.

Viss nokre muskuløse torpedoar les dette, så er dei hjartans velkomne til å dra og banke opp Bill Gates og dei han har rundt seg. At det går an å lage eit slikt søplesystem! Takk for meg, over og ut – for no.

This entry was posted in: Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

12 Comments

  1. Jammen… har «man» konkludert med at det er Bill sin feil? 😉 Hvilket operativsystem har du, hvor prøver du å hente driver fra? Og hvor stopper det opp, når du skal laste ned driveren? Får du en feilmelding? Bruker du USB kabel, og kan det være den som er kaputt? Evt porten? Har det virket før?

  2. Ja klart det er Bill sin feil. Det er aldri vår feil når vi plundrer slik. Nei bann og steik. Det hjelper. 🙂

  3. Takk, Mokki… xp, lastar ned drivar frå canon.com, drivaren let seg laste ned, men eg ser ikkje kvar den legg seg, og så finn eg den ikkje att. Eg får inga feilmelding, bobla som seier at maskinen har funne eit kamera dukkar ganske enkelt ikkje opp når drivaren er installert. Og kameraet er ikkje synleg i utforskaren. Kabelen er ny, den virkar på andre maskiner, og eg har prøvd alle andre portar. Tenåringen sitt kamera får kontakt, berre ikkje mitt…

  4. Ett enkelt tips kan vara att slå av virusskyddet i 5 minuter medan datorn får söka. Ifall det är stor åldersskillnad på programmen, kan din dator uppfatta det som ett intrång och därför «skydda» dig mot det. Testa, det har funkat för mig flera gånger. Och lycka till med frustrationen… 😉

  5. Dette kan jeg lite om, men frustrasjonen kjenner jeg…skikkelig ergelig når ting ikke funker. Håper du får orden på det, og god påske! Hjertelig hilsen Hanne.

  6. Uff. Ikke gøy. I sånne situasjoner pleier jeg å banne høylydt, deretter gi hele problemet videre til noen mer datakyndige sjeler. Så kan jeg kose meg mens de banner 😉

  7. kjersti70 says

    Har samme kamera, og meiner å hugse eg hadde eit slikt problem eg også; når eg fekk min nye laptop (PC). Eg har ein mann «i bransjen» som det heiter, og han pleier å fikse ting; kan høyre om han har tips.

    Han er elles enig med deg: Mac har eit mykje betre system på alle måtar. Utan samanlikning. Den biten kan eg lite om; for har aldri hatt Mac, men eg kan i alle fall sjå at Mac OGSÅ er betre på design.

    Koffer har eg PC egentlig?

  8. hildeG says

    Når jeg skal gjøre sånn, må jeg ofte ha kameraet koblet til strømnettet også, ellers funker det ikke.
    Hvis alt annet slår feil – har ikke pc´n en kortleser? Hvis ikke, er ikke det dyre sakene.

  9. Jeg googla litt her nå og kommer opp med to ting, hvis du har 64bits XP så har ikke Canon driver for den på 350D…. og så er det en innstilling på kameraet som kan settes til PtP (sjekk bruksanvisningen, google sa ikke mer om hvor den ligger i menyene).

    Det kan ofte være lurt å høyreklikke på «nedlastingsknappen» og ta «lagre mål som», da får du bestemme hvor driveren skal legges på maskina di. Da vet du i alle fall hvor den havner.

  10. Dokke er berre heilt nydelege, her går eg rundt og dillar og luktar på parfyme i København, og så ligg det oppmuntringar og god hjelp her når eg kjem att! Gull! No skal eg lage middag til familien, og så skal eg sette meg ned å prøve dei forslaga som dokke har kome med. Takk!

  11. Hvis desperasjonen blir for stor kan du også kjøpe en minne-kort leser. De koster ikke særlig mye. Så tar du bare ut minnekortet fra kameraet og leser det rett inn i PCen. Det er slik jeg alltid overfører bilder fra kameraet.

  12. Eg har ein minnekortlesar, det er berre det at den ligg i Oslo, og eg er i Helsingør. Eg har ikkje lyst å bruke pengar på ein til. Kamerakabelen var det som skulle til, trudde eg.

Leave a Reply to Alt godtCancel reply