Duft, Ferie, Reise
Comment 1

Nytt frå Kongens by

Kva kan eg melde?

Specialkøbmanden har flytta ut av lokala ved Hotell Angleterre, dei har hatt eit 50% flyttesalg som eg gnissar tenner over å ha gått glipp av.

cimg0756No driv dei berre på nett, ifølge den søte svensken som har vore der dei siste tre åra, og som no jobbar i ostedisken på ein triveleg kolonialbutikk på Strandvejen.

Illums har fått inn Perfumes de Rosine, ein smakfull serie med svært varierte rosedufter. Dei hadde ikkje prøver, så eg slit med å anmelde dei, men eg får sjå om papirlappane mine gjer nytta.

I Annick Goutal-serien har dei fått inn un matin d’orage, ein lett og frisk vårparfyme. Elles har dei Songes, Eau de Hadrien, Eau de Sud, Petite cherie, mandragore og musc nomade (kjempeforventningar, men eg kjende den nesten ikkje).

Frå Creed har dei Love in white, Spring flower, Jasmal, Fleurissimo, Jasmin imperiatrice Beatrice og Vanisia. Bandit, Fracas og Baghari var og på hylla.

Alt blomstrar, påskeliljer og krokus overalt, solbrillene vart lufta og alt er fint. Huset er stort og romsleg, flatskjerm, to stasjonære maskiner, nyoppussa, mange rom + hage med stor terrasse der Vemund kan øve på skatinga.

Tulipanar og påskeliljer på bordet, i ettermiddag fekk du omtrent bukettane kasta etter deg, to fridagar gjer at det som ikkje vart selt i dag må kastast. To bukettar tulipanar, 15 i kvar, 50 DKK til saman. Skorne påskeliljer 9,- per bukett.

I morgon: Sykkeltur til Lousiana viss gjestane våre kjem i rimeleg tid. No: Natta!

This entry was posted in: Duft, Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Jeg skal vedde på at jeg kommer til å kjøpe dufter KUN pga navn en vakker dag! De du ramser opp fra Creed får tennene til å løpe i vann i alle fall.
    Fortsatt god påsk!

Leave a Reply to Britt Åse Cancel reply