Ferie, Lykke, Reise
Comments 10

Med fare for å gjenta meg sjølv…

Vi er på femte dagen her i Danmark, og går rundt og akkar og ojar oss over kor heldig vi har vore med ferien. Bildet nedanfor er av huset vi disponerer denne påska.

Konseptet med å bytte hus har vi vore med på mange gongar, og hatt fantastiske feriar kvar gong. Vi har vore i Nepal, i Egypt, i Skottland, Frankrike, Danmark og Evje(!!). Alle feriane har blitt tilbrakt i privatbustader, med varierande kvalitet og utrustning, men alltid stilt til rådevelde for oss av vennlege, rause menneske.

cimg0757

Mange har spurt meg om vi vågar å sleppe andre inn i huset vårt. Det har aldri vore eit problem for oss. Vi ryddar sånn nokolunde, skiftar på sengane og ryddar bort litt på kjøkken, bad og soverom. Dei vi skal til gjer det same, og gleda er alltid stor når vi går rundt i “vårt nye hus” og fordelar rom og gjer oss kjent med plassen der vi skal bu dei næraste dagane.

Bytta er organiserte gjennom www.boligbytte.no, og vi det er alltid dei vi skal til som kjem til oss. Vi kan også bytte ikkje samstundes, denne gongen innkasserer vi eit bytte som vart gjort ved at danskane vi er hos var hos oss i 2006.  

Vi er ikkje spesielt velståande, men denne bytteordninga har gjort at vi har hatt råd til feriar vi elles aldri ville kunne hatt. Eit raudvinsglas har blitt knust på alle dei fire åra vi har bytta, det låg det att 200,- for. Bortsett frå det har ikkje noko forsvunne eller blitt øydelagt. 

Stikk innom www.boligbytte.no, det er reine godtebutikken. Du kan surfe rundt der som gjest og, utan å melde deg inn. For å bytte må du vere medlem.  Utfordringa er berre å få heile familien til å bli einige om kvar vi skal dra. For vår del brukar det hjelpe at det er eit o-løp i nærleiken…

This entry was posted in: Ferie, Lykke, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

10 Comments

  1. Jeg vet ikke om jeg helt orker tanken på å skulle gjøre leiligheten vår i Oslo tilstrekkelig presentabel for at andre skal kunne bruke den. Men jeg har noen ganger vært litt inne på tanken om vår leilighet i Frankrike kunne brukes som bytteobjekt i en slik sammenheng.

  2. Mange byttar bort “sin andre heim”, som t.d. ei hytte eller som du har, eit objekt i utlandet.

  3. Det høres så strålende ut det her konseptet at jeg bare MÅ prøve… men først skal jeg fikse opp litt her. 🙂 Håper å kunne bytte med noen i Skottland. 🙂

    Men kvaliteten er variabel altså? Er det noen steder som er omtrent ubeboelige?

    • Neida, det er frå fint til heilt fantastisk, eigentleg. Vi har aldri opplevd å kome til dårlege hus, men vi har opplevd å kome til nokon som har det litt meir rotete enn oss. Det har vi løyst ved å skyve til side deira ting, og installere oss slik vi har lyst. Vi har aldri kome til plassar der det t.d. har vore skittent eller ekkelt å lage mat.

  4. Jeg kunne nok komme til å havne i kategorien “nokon som har det litt meir rotete enn oss”, noe som gjør meg litt ambivalent til slike opplegg.

  5. Det høres utrolig bra ut! Jeg har jammen lyst å prøve dette en gang, altså. 🙂

  6. Idèen er super, men er det ikke litt rart å slippe inn vilt fremmede hjemme hos deg? Tenker på om folk kan gå gjennom alle tingene dine eller om de ikke har like god moral på mitt og ditt. Hva sier hjemforsikringen til slike bytter?

  7. Dette er ei ordning som er basert på gjensidig tillit, og ein avtalar gjerne slike bytte i god tid. Så mailar ein fram og tilbake, og avtalar kva telefonladarar ein har, om der er ei føne eller om ein skal ta med og andre småting. Ein utvekslar gjerne også informasjon om nabolaget, fine turar, bistår med å bestille innanlandske reiser og slikt.

    Særeigenheiter ved bilane ein skal bytte blir gjerne beskreve, samt at ein utvekslar “bruksanvisningar” til husa. At ein skal løfte dørhandtaket for å kunne låse hus i Danmark er foreksempel kjekt å vite. På same måte at vårt oppvaskmiddel er i ein beholdar i benken, og kjem ut når ein trykker på dispenseren.

    I denne prosessen vert ein godt kjent, og ein dannar seg eit godt bilde av korleis desse menneska ein samhandlar med er. Vi skriv også stort sett alltid ein avtale, som regulerer ansvar for skadar, dekking av eigendel ved bilskade etc.. Slike avtalemalar ligg på nettsidene til boligbytte.no. I vår husbruksanvisning skriv vi noko om kva vi tenker om forbruksvarer; bruk gjerne av vårt, kjøp nytt viss det går tomt. Dette utvekslar vi før vi reiser, slik at vi har ei felles oppfatning om korleis ein skal forholde seg til dei andres forbruksartiklar.

    Vi har aldri opplevd at nokon har tatt noko heime hos oss. Ting har blitt gløymt att, og det returnerer vi, innan rimelege grenser. Vi går ikkje igjennom deira ting, og vi forutset at dei ikkje gjer det same. Sterkt personlege ting og verdifulle ting du er redd for kan du pakke bort.

  8. silkepus says

    Dette høyrest enno meir genialt enn couchsurfing-konseptet som vi dreiv med her i fjor vår og sommar. Som couchsurfing-vert er du heime og tek imot gjestane, og du er den lokale kontakten som veit alt om kva som er verd å sjå, kvar ein kan bade, kva buss ein skal ta kvar osb. I neste omgang får du sjølv høve til å vitje trivelege folk kvar som helst i verda, medan dei er heime og gjer plass til deg i sommarhuset eller på uttrekkssenga, og gjev deg frukost og brosjyrar og fortel deg kva som er ved å sjå, kvar du kan bade, osb. osb.
    Men jammen trur eg boligbytte.no kan vere minst like smart, sjølv om namnet skulle tilseie at det er ein heilskandinavisk klubb – og der vi hispanofile ikkje vil finne så mykje spanande… Eller tek eg feil? Vonar det!

  9. Neida, dette er verdsomspennande. Vi hadde ikkje komt oss til Nepal og Egypt om dette hadde vore nordisk… 😉

Leave a Reply