Livet, Musikk
Comments 8

Antwerpen sentralstasjon

Denne typen hendingar får tårene til å trille på meg. Kjensla det vekker i meg er gleda over å jobbe målretta for å innstudere noko, framføre det, vinne publikum og motta applausen. Når du står der, og er aktør, er du hundre prosent fokusert på oppgåva. Etterpå er det ei deilig forløysing, ein tilstand av eufori fordi du har klart det, fordi det gjekk bra. Eg unner alle å kjenne dette på ein eller annan måte, i ei eller anna uttrykksform.

Og viss nokon vil arrangere ei danseoppvising som tek pusten frå dei reisande på Oslo S så står eg først i køen. Eg er med!

This entry was posted in: Livet, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Å! Ååååhh!! Å, fy søren, for en vitaminpille 😀
    Nå satt jeg her i sofaen og «dansa» med fua med armene rett i været og et digert glis mens pc-en hoppa i fanget på meg og tårene trilla. Juhuuuuu!!!!
    Menneskene er jammen flotte, takk for at du delte 😀

  2. Maiblomst says

    Fantastisk! Slikt vert ein glad av! Eg er ikkje noko dansar, men elskar å synge, og som korsongar kjenner eg den kjensla det er å stå der og kjenne at det fungerer og at publikum vert gripne. Det er fantastisk!!

  3. Bente says

    For en kjempeide!… men dette er det da noen som driver med i Norge også? Jeg har i alle fall hørt om det før… må snoke litt i nettverket mitt… 🙂

  4. Pingback: Dette er ikkje om han mannen « Alt godt

Leave a Reply