Allergi, Heidi, Mat, Noko søtt
Comments 4

Arkitektens trøst til konfirmasjonen

Her kjem eit nytt innlegg frå Heidi, og denne gongen er det berre å legge alle kaloritabellar til side. Ho bakar nemleg festkaker, som kan serverast til dømes i ein konfirmasjon eller eit bryllup for den del. Vi står framfor konfirmasjonssesongen, og desse kakene vil garantert ikkje bli ståande att til etterpålaget, der naboar og venner får kome for å hjelpe familien med å bli kvitt kakerestane.

Heidi skriv at det er kvinnene som kjem med kaker, og det stemmer nok sørgeleg godt. Men suksessterta nedanfor, den er bror min sitt glansnummer. Så enkelte hiv seg utpå. Gjer det, du og! Suksessterta kan serverast til glutenallergikarar. Bildet har eg lånt frå Freia.

Alt godt

Konfirmasjon er ei alvorleg sak for konfirmanten, men ikkje mindre alvorleg for foreldra. Det er mykje som skal på plass, og berre den som har vore gjennom noko slikt veit kva. På mange måtar handlar dette i stor grad om kvinnelege syslar, eller rettare sagt hardt arbeid. Vaske, pusse, rydde, reine klede og pynt på bordet. For ikkje å nemne maten då. Heldigvis er det slik at dei fleste har nokon som kjem med kaker, iallfall er det ein gamal tradisjon her på Sunnmøre.

Pussig nok: etter 30 år med offisiell likestillingspolitikk er det framleis kvinnene som kjem med desse kakene. Det er få menn som bakar kake. Det er litt rart forresten, dei fleste bakarar er menn. Og nettopp her er det interessante, husarbeid vert ikkje sett på dagsorden og overbelastningslidelsar ikkje diagnostisert.

Husarbeid gir verken auke eller reduksjon i netto nasjonalprodukt, og avvik blir ikkje registrert. Etter at maten er oppeten er det få levningar igjen. Mat er kultur, men innanfor denne kulturelle sjangeren er det få kulturmidlar og statsstipend å hente. Forresten; eg har vel ikkje lest om ei husmor som har segna om heller, ho tilhøyrer ein hardbarka rase! Vel overstått eller lykke til og godt mot.

Her kjem to slike lettlagde kaker som eg kallar arkitektens trøst. Av og til må vi berre bake ei kake enten til oss sjølve eller levere ei kake frå oss i all hast. Mykje står på spel, og med æra i behald kan vi levere frå oss desse to kakene. Dei er låge og lite prangande, men utruleg gode.


suksess1Suksessterte

5 eggekviter

200 gram melis

200 gram mandlar

Krem:

5 eggeplomme

1 ¼ dl kremfløyte

150 gram sukker

2 ts vaniljesukker

150 gram smør (skal rørast inn til slutt)

165 grader i 35 minutt. Bruk ei rund 26 cm springform.

Mal mandlane i ei matmølle, og bruk kniven. Stivpisk eggekvitene, og bland inn melis og mandlane. Legg bakepapir i forma og hell røra i. Steik kaka midt i omnen og avkjøl ho i forma.

Bland eggeplommer, fløyte, sukker og vaniljesukker i ei panne og varm det sakte opp. Dette må varmast godt opp, nesten til kokepunktet ei lang stund. Rør heile tida. Ikkje gjer denne prosessen for fort, då vert fyllet ikkje stivt. Du ser at det tjuknar etter kvart. Men skikkeleg stivt vert det ikkje før du har rørt inn smøret. Det må du gjere når fyllet har vorte kaldt.

Eg brukar å vege opp smøret, mose det med ein gaffel slik at det vert blautt og så rører eg det godt inn i den gule kremen. Kakebotnen må sjølvsagt vere kald når du har det over. Har du for mykje fyll på kaka blir ho lett for mektig, så du treng ikkje å bruke alt fyllet.

Nøttebotn med mokkakrem

2 egg

1 dl sukker

100 gram hasselnøtter

3 ss kveitemjøl

1 ts bakepulver

175 grader i 25 minutt. Bruk ei rund 24 cm springform.

Pisk egg og sukker til ein tjukk eggedosis. Mal nøttene i ei matmølle. Bland saman dei malte nøttene, kveitemjøl og bakepulver og bland dette i eggedosisen. Legg bakepapir i forma og hell røra i. Steik kaka på nederste rille. Dette blir ein låg botn, men slik skal han vere. Avkjøl botnen og ha mokkakremen på.

Mokkakrem

1 beger (3dl) fløyte

2 ss melis

1 ss vaniljesukker

1 lita ss kakao

1 liten ss pulverkaffi

Hell fløyta i ein bolle og tilsett resten av ingrediensane. Pisk dette til ein luftig krem som du legg oppå nøttebotnen. Dette blir ei utruleg god kake. 

This entry was posted in: Allergi, Heidi, Mat, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. kjersti70 says

    Yay! Glutenfritt også (nesten da, den siste, men kan enkelt justerast). Suverent! 😀

  2. min sunnmørsmann baker 😉
    Ellers så må jeg si at en hver kakemonsterhusmor med stolthet har da alltids kaker til overs, min mor pleier sågar å ha kaker ekstra som hun kan ta opp til etterpålaget om hun ikke synes det er nok allerede (enden på visa er jo at man må ha etterpålag på etterpålag i en uke etter en stor fest….)

Leave a Reply