Duft
Comment 1

Løft meg opp og ut

I dag skulle eg ut på hagemesse med nokre av venninnene mine, og eg skulle halde på i hagen etterpå. Eg sto og kika inn i hylla der parfymene mine sto, og plutseleg såg eg klart og tydeleg kva som skulle vere dagens duft; Lancome Aroma Tonic. Det er ei grønn, frisk duft, som i tillegg til å ha dette friske ved seg også har eit hint av krydder.

aromatonicDen opnar med den sprudlande og komplekse dufta av lime, og så utviklar den seg i ei varmare retning. Eit hint av ingefær og kardemomme gjer at den har sødme og bitterheit i ein velbalansert komposisjon. Den held lenge, sjølv om den berre er ein “splash”, ikkje ein ekte parfyme.

Den løftar meg verkeleg opp og ut når eg treng det, den har noko markant naturleg ved seg. Det følest ikkje jålete å ha på seg denne på ein skogstur, det følest berre rett. Eg har ikkje funne den i Norge dei siste åra, men i København veit eg dei har den på Magasin. Prøv den om du fær forbi, den er ei ekte opp og ut-duft. 

Oppdatering: Eg har gravd meir i Lancome sine nettsider, og den er utgått derfrå. Så finn du den, og likar den, så kjøp!

Bildet er frå http://www.lancome.com

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Ja, vi skal ikke undervurdere duftens egenskaper. De kan virkelig påvirke oss, og det er fint å ha en oppløftende duft på lur 🙂

Leave a Reply