Billig mat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 3

Frittata

Etter at eg for nokre år sidan kom til at eg ikkje måtte gå på ski fordi om mor mi ville det, har påska fått ein heilt ny verdi i mitt liv. Eg feirar bypåske, besøke-familie-påske  og i år feira vi reise-til-våren-påske. Snøen låg framleis i hagen då vi pakka bilen og vende nasen mot Danmark. Grønt og vent var det der, og blomane var komne mykje lenger enn her hos meg.

I butikkane var det knallraude, solmodne tomatar frå Spania, små, søte sukkererter og eg fann dette vinhavet som dei snakkar om i EU. Du har sikkert høyrt at dei held seg med eit smørberg, eit vinhav og ulike andre oppsamlingsstader for overproduksjon frå den europeiske landbruksmarknaden. Vinhavet ligg og skvalpar i butikkane på grensa mellom Danmark og Tyskland, der kostar 10 liter raud vin i pappkartong 70 kroner. Det er ganske sikkert ikkje første klasse, men førsteklasses vin var jammen ikkje dyr den heller.

Så vi gjekk inn i sydlandsk modus, og koste oss med europeisk overproduksjon av toppkvalitet. Kloke av skade tok vi med oss egg. Dei danske egga er ikkje til å stole på, og reservemora mi i Berlin seier alltid at ein berre skal lage majones av egg frå høner ein er dus med, så dei tyske er vel ikkje heilt trygge dei heller. Eg syns det er trist å sjå begera med pasteuriserte eggeplommer i danske butikkar.

Vi sette att eit brett med friske, norske egg, så våre danske vener kunne kose seg med ekte aioli for ein gongs skuld. Nokre fordelar skal ein ha i dette annleislandet, deriblant garantert salmonellafrie egg.

Ein italiensk frittata var noko av alt det gode vi putta i oss der vi var midt i det europeiske matfatet. Ferske nypoteter frå Hellas, norske egg og tysk katenschinke kombinert med spanske tomatar og italiensk mozarella lagd av bøffelmjølk – ekte bondekost for frosne nordbuarar. Spanjolane kallar denne retten for tortilla, det er så ulogisk for meg at eg kan ikkje få sagt det, tortilla er ei lefse, punktum.

Frittata er ein omelett med poteter og løk, og det høyrest ikkje veldig spennande ut. Men det smakar fortreffeleg som tilbehør til noko meir smakssterkt. Retten finst i mange variantar i ulike matkulturar. Jansons fristelse, der potetene får følgje av mykje fløte og ansjos er ein variant. Den har du sikkert lese om her tidlegare. For meg er frittata eit døme på at det enkle ofte er det beste. Slik gjer du det:

frittataFrittata

8 poteter

6 egg

6 toppa ss kremost, gjerne av geitemjølk (Snøfrisk el.l.)

100 g reven manchego

salt og peppar

Skinke

Olje

1 ts tørka eller 1 ss frisk, finhakka rosmarin

Skrell potetene, og skjer dei i halvcentimetertjukke skiver. Kok dei i 5 minutt, og la dei renne av. Pisk egg og kremost  saman. Smak til med salt og peppar.

Legg potetene i ei ovnsfast panne eller eit fat smurt med olje eller smør. Ha eggemassen over. Strø over skinkestrimlar og litt frisk rosmarin. Dryss på den rivne manchegoen. Steik det heile i 200 grader varm omn i 15 minutt. Det kan hende at steiketida vert lengre viss forma du brukar er lita i omkrins.

Sjekk at eggemassen er stiv i midten før du tek forma ut.  Server med ein tomatsalat med god dressing, meir skinke og eit godt brød. Frittataen kan også serverast heilt vegetarisk, utan skinke.

No byrjar tomatane endeleg å bli søte igjen, tomatar rundt jul er ei sørgjeleg affære. Sjå om du finn cherrytomatar, dei er ofte dei søtaste og beste. Eg lagde ein salat med tomat, løk og bøffelmozarella. Skilnaden mellom mozarella lagd på bøffelmjølk og mozarella lagd på kumjølk er himmelvid, så finn du bøffelutgåva så kast deg over den.

Vanlegvis et vi denne salaten med krysta sitron, ein god olje og salt og peppar over. Men sidan hovudretten, frittataen, er så mild i smaken lagde eg ein god sennepsdressing til som løfta det heile mange hakk. Prøv denne til alle milde salatar, finn du endive eller hjartesalat kan du gjerne bruke dressingen som dipp, og gje kvar rundt bordet si eiga skål til å dyppe dei lange, lyse og sprø salatblada i. Slik lagar du dressingen:

salatSennepsdressing

Ei eggeplomme

2 ts sennep, middels sterk

2 ts honning

saft av ein halv sitron

1,5 dl olivenolje

salt og peppar

Ha eggeplomma i ein bolle saman med sennep, sitronsaft og honning. Pisk det saman. Ha i nokre dropar olje, og la det bli ”sugd” opp av eggeblandinga før du har i litt til. Tilsett resten av oljen dropevis til du har ein jamn dressing. Smak til med salt og peppar. Sjekk om det trengst meir honning eller syre. Sitronen kan byttast ut med to-tre spiseskeier god eddik, men ikkje balsamico i denne oppskrifta.

Denne dressingen er ein emulsjonsdressing, altså ein dressing der emulgatoren ( idette tilfellet eggeplomma) får oljen og væska til å blande seg til ein jamn saus som ikkje skil seg. Eg brukar vanlegvis miksar når eg lagar emulsjonsdressingar. Denne gongen hadde eg ikkje det, men det gjekk fint med berre visp og, i og med at det ikkje er så frykteleg mykje olje som skal piskast inn.

Honningen kan og vere emulgator åleine, så har du ikkje egg kan du lage denne dressingen utan. Vil du ha den heilt jamn med berre honning bør kanskje den elektriske vispen fram.

3 Comments

  1. Inger Lise says

    Så masse godt du lagar. Tenkte slik på deg i går eg sat å såg på tv og det var om India..hagar krydder mat. Den som kunne reise en tur, kanskje du kunne lage en slik gourmetur… Ja det er lov å drøyme seg vekk..ha ei fin veke

  2. ja, du hadde vel blitt med? Kanskje skal vi byrje med København, og ta India etter kvart? 😉

  3. Jeg er blitt så lat med matlaging, så jeg får vann i munnen av å se på alt det lekre du lager 🙂 Angående påske, følte jeg meg tidligere litt unormal og flau siden jeg aldri dro på fjellet. Nå fryder jeg meg over bypåske, eller GÅ-turer i skogen med bikkjene. De som vil kan kjøre i kø til fjellet, og oppsøke snøen. Jeg er ikke glad i vinter, og påske i byen (eller på landet) gir meg følelsen av sommer 🙂

Leave a Reply