Billig mat, Heidi, Mat, Tilbehør, Veggis
Comments 4

Ostesufflé


Her kjem endå ei Heidi-oppskrift, denne gongen har ho laga ostesufflé. Kast deg utpå, og prøv ein gamal, fransk klassikar!

Alt godt

Det er ikkje så ofte eg lager sufflé. Lenge trudde eg at det var for vidarekomande, men det var før eg laga min første. Har du aldri laga sufflé før har du gått glipp av ein god smak!

Å lage sufflé er ingen heksekunst. Men før eller seinare dett han ned. Spørsmålet blir berre kor lenge du klarer å halde han luftig. Av og til dett han ned allereie i omnen, og er du heldig får du han på bordet før han kollapsar. Heldigvis det er gjestane som skal vente på suffléen og ikkje omvendt. Men merk deg at han er like god høg som lav.

Eg prøvde lenge å lage ostesufflé frå eit reklameblad, men feilen var at oppskrifta innheldt alt for mykje ost. Dette oppdaga eg ein gong eg hadde for lite. Dei fleste har ei suffléform ståande på kjøkkenet nærmast ubrukt, ei høg rund form med rette kantar som er om lag 24 cm i diameter. Har du inga er det kanskje på tide å skaffe ei! 

Å lage sufflé er like enkelt som å lage kvit saus. Du tilset i tillegg berre litt  riven kvitost og stivpiska eggekviter. Eg brukar å servere kvitløksbrød og salat til. Til kvitløksbrødet kjøper eg ein ferdigsteikt loff og skjer han i skiver som heng saman på undersida. Så tek eg litt smør i ei skål og blandar inn hakka kvitløk og smører dette på skivene. Til slutt pakkar eg loffen inn i aluminiumsfolie, men har ei opning på toppen utan folie slik at loffen får ei sprø skorpe.

suffleOstesufflé

3 ss margarin

4 ss kveitemjøl

3 dl mjølk

4 eggeplommer

200 gram riven ost

4 stivpiska eggekviter

litt pepar, salt og muskat

Smelt margarin, ta panna vekk frå plata og rør inn mjølet. Spe med mjølka og visp godt slik at alle klumpar forsvinn. Kok dette til ein tjukk saus. Avkjøl og rør inn eggeplommer og riven kvitost. Skjer dei stivpiska eggekvitene inn til slutt. Ha røra i ei smurt suffléform og steik han ved 175 grader på nederste rille i 50-60 minutt.

Ein vårsalat

Dette er min favorittsalat. Det er ei god blanding av det eg brukar å ha i hus no på våren.

Riven gulrot

Snitta hovudkål med ostehøvel

Ein boks mais

Hermetiske ananas

Nokre tomatar

Riven sellerirot eller stangselleri

Rosiner

Tørka oregano og timian. 

Litt salt og pepar

Slå litt appelsinjuice og salt og peppar over til slutt, og strø tørka kryddergrønt på toppen

Vil du gjere det endå enklare så set du stenger av stilkselleri i eit høgt glas og legg heile reddikar i ei skål ved sidan av. Ypperleg til å knaske ved sidan av suffléeen og kvitløksloffen. 

This entry was posted in: Billig mat, Heidi, Mat, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Off topic: Du vet at det er meg fordi jeg signerer som dette, stort sett – selv om ikke bloggen min er aktiv mer er jeg fortsatt meg naar jeg stikker innom. I alle fall inntil videre 😉

  2. 🙂 Kommentarane dine her inne skal eg nok kjenne igjen, men eg vonar tankane dine kjem til uttrykk i større fora enn her! 😉

  3. Ostesufflé! Hvilken klassiker. Ved neste byråkratsammenkomst skal vi servere det. Byråkrater elsker klassikere.

Leave a Reply