Noko søtt, Veggis
Comments 4

Appelsinkake

Her kjen endå ei av desse fine langpannekakene som kan delast opp i fire til kakelotteri eller i snippar til 17. mai, konfirmasjon eller til loppemarknad.  Eg brukar same basisrøre som i mine mor monsen/tosca-oppskrifter, men denne er dobbel storleik til full langpanne. Slik gjer du det:

Appelsinkake

6 egg

6 dl sukker

2 dl rømme eller kesam

1 dl mjølk

9 dl kveitemjøl

4 ts bakepulver

250 g smelta smør

Visp egg og sukker til eggedosis. Bland i rømme/kesam og mjølk. Bland mjøl og bakepulver, og sikt det i medan du rører jamt og trutt. Ha i det smelta smøret til slutt. Denne porsjonen passar til ei vanleg langpanne.

I tillegg treng du;

Ein appelsin

100 g firkløver

50 g smør

0,5 dl mjølk

150 g melis

Sett omnen på 180 grader. Kle langpanna med bakepapir. Vask appelsinen godt, og tørk den. Riv det ytterste, oransje skalet av på eit rivjern eller med eit zest-jern, og bland det i mjølet. Press safta av appelsinen, og bruk det i røra i staden for same mengde mjølk. Lag basisrøra slik det står over, og hell den i forma. Steik kaka på 180 grader i ca. 25 minutt. Sjekk med kakenål om den er ferdig. Lag glasuren medan kaka steiker. Dobbelvend kaka, og la den kolne. Smør på glasuren, og del kaka opp i pene snippar.

Lykke til med kakebakinga, og husk at delt glede er dobbelt glede! Dei heime får kose seg med dei avskorne kantane… 

This entry was posted in: Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. sol says

    takk for alle disse oppskriftene! spesiell fin inspirasjon for meg nå siden gutten min konfirmerer seg neste lørdag!
    Denne oppskriften ser spesielt fristende ut – og gir meg også lyst til å finne en parfyme med appelsinnote! (prøvde Pradas nye i går, og den synes jeg var for anonym)

  2. Sol – har du sniffet på l’eau de Jatamansi fra L’Artisan? Jeg synes det er en sitrusaktig, skallaktig note der, som godt kan tolkes som appelsinaktig (her ble det veldig mye -aktig, beklager). Det kommer jo selvsagt an på nesen som sniffer.

  3. Vi burde møtast – vi tre… 😆 Jatamansi er fantastisk. Nydeleg sommarduft.

  4. Pingback: Maikaker « Alt godt

Leave a Reply