Grønt
Comment 1

Grønt på kontoret

Nei, dette handlar ikkje om å så urter eller sommarblomar på kontoret, men korleis ein kan gjere sitt for at arbeidsplassen ein er på belastar miljøet minst mogeleg. Eg er “miljøansvarleg” der eg jobbar, og held akkurat på med ein plan for korleis vi kan redusere søppel og energiforbruk, samt gjere meir miljøvennlege innkjøp og reiser. Denne videoen inneheld ein heil del tips som er praktiske å ta med seg.

Vinduslufting ville nok få vårt ventilasjonssystem til å slå krøll på seg, men elles er det meste her gode tiltak for å skape ein grønare arbeidsplass. Kanskje noko du kan foreslå der du jobbar?

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply