Livet
Comments 4

Heime – på ordentleg

Eg har aldri elska heimkommunen min utan atterhald. Kanskje gjer ingen det? I oppveksten orienterte eg meg meir mot Ulsteinvik og Volda, ikkje mot «fiskarane» i ytre delen av kommunen. Men kvar gong eg kjem heim undrar eg meg over kor verda går framover, også der.

Det er mykje eg kunne seie om rask rikdom, vått ver og andre faktorar som verkar inn på livet der, men eg skal ikkje gå inn på det no. Eg vil vise dokke denne filmen, som krinsar om Herøyspelet, naturen, folket og vaflene. Den viser solsida av livet der, og den er jammen verd å vise fram. Følg ekstra godt med rundt 3:00, det er heimbygda mi. Fint, ikkje sant?

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Ja, og det kjem så tidleg. Eg huskar ein 16. mai vi køyrde vestover, og kom til ferjeleiet grytidleg 17. mai. Folk i bunad på ferja og irrgrønt landskap, luft som var rensa av regn den natta og ein mild vind. Eg huskar den innpusten. Det kjendest som om eg pusta inn grønt.

  2. Nå ble jeg helt tårevåt. Av den beskrivelsen av syttendemaimorgenen, altså. Skikkelig flashback 🙂

Leave a Reply to Alt godt Cancel reply