Billig mat, Middag, Pai, Quiche, Supper, Veggis
Comments 11

Ukrut i hagen

Slit du som eg med skvallerkål i hagen? Tyskerkål kallar nokre den, prestegardsugras er eit anna namn den er kjent under.

Aegopodium podagraria heiter den på latin, og som namnet seier skal den ha ei viss effekt mot urinsyregikt. Dei fleste ser på den som ei plage, sjølv om enkelte entusiastar samlar på ein variegert (brokblada) type som visstnok ikkje skal vere så invaderande. For invaderande er verkeleg rett adjektiv på denne planta. Den spreier seg med røtter og med frø, og tek kreftene og til slutt livet av dei fleste vekstar den hamnar saman med.

No har eg lært meg å leve med skvallerkålen, og det gjer eg ved å ete den. Små, spede skvallerkålblad smakar som spinat, og kan brukast i salatar, stuingar og supper. Her skal du få oppskrift på ein pai med skvallerkål og oliven, og ei suppe.

Skvallerkålrettar smakar best når du brukar nye skot. No tidleg på våren er det lett, då er det berre å plukke i veg. Når den er i god vekst kan det lønne seg å klippe over med grasklippar eller kantklippar, og etter nokre få dagar har du masse fine små blad som kan brukast i maten. Du finn også mindre blad nede mellom dei grovare, så det kan vere lurt å ta ein runde før du slår det heile ned.

Plukkar du i porsjonar, kan du dampe det inn, og fryse det til du får nok til ein god middag.

skvaller

Skvallerkålpai

300 g kveitemjøl

150 g smør

2 ss vatn

1 liter fersk skvallerkålblad eller 3-4 dl dampa

2 dl vatn

1 ss smør

Fire egg

2 dl matfløte

2 dl riven ost, gjerne jarlsberg eller cheddar

Ei fingerlengd av det kvite frå ein purre

2 ss hakka løpstikke viss du har, persille kan og brukast

20 svarte oliven utan stein

Salt og peppar

Køyr smør og mjøl saman i ei matmølle. Ha i vatn, og la mølla gå litt til, slik at deigen samlar seg om kniven. Dette må gå fort, deigen skal ikkje bearbeidast slik at den vert seig. La deigen kvile i kjøleskapet i plast ein times tid.

Sett steikeomnen på 200 grader. Ha 2 dl vatn og ei halv teskei salt i ei gryte som du har tett lok til. La det koke opp, og ha i skvallerkålen. La den dampe to-tre minutt på høg varme. La den renne av, og hakk den fint på ei fjøl. Hakk purren og persille/løpstikke fint. Knekk egga i ein bolle, og ha i fløte, salt og peppar. Rør det godt saman. Kjevle eller trykk ut paideigen, og legg den i ei form. La den ikkje bli for tjukk nokon stad. Ha i skvallerkål, purre, urter og slå eggeblandinga over. Strø ost på toppen, og steik paien litt under midt i omnen på 200 grader i 30 minutt. Vil du ha meir ”mat” i paien, kan du ha i skinke, steikt bacon eller strimla røykalaks. Server med ein god salat til.

Skvallerkålsuppe

Snautt 2 liter skvallerkålblad eller 5 dl dampa

3 ss smør

2 ss mjøl

Ein liten løk

1 liter vatn

To ss flytande buljong, eller 2 ts buljongpulver

2 dl fløte

Salt, peppar og muskat

Finhakk løken. Hakk skvallerkålen grovt. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og ha i løken. La den frese utan at det vert brent, og så rører du inn mjølet. Slå på vatn, og la det koke opp. Ha i skvallerkål, buljong og fløte, og la det koke i 6-8 minutt. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar. Smak til med salt, peppar og litt riven muskat.

Server med godt brød til.

11 Comments

  1. If you can’t beat them, eat them?
    Vår danske venninne halvblander skvallerkålen med brennesle. Nydelig!

  2. Ja, det gløymde eg å seie, brennesle kan handsamast på same måte, bortsett frå med hanskar…

  3. Inger Lise says

    Du er no heilt toppers, kosar meg kvar dag med dine herlige oppskrifter.
    Skal no prøve litt skvalderkålsuppe, jammen skal eg det. Inger Lise

  4. Bente says

    Og jeg som har sett på skvalderkål som ugress? Kanskje du har noen tips for mordersneglene også…. forhåpentligvis ikke som noen matrett….? 🙂

  5. Eg som bur innanfor ring 2 er heldigvis spart for sneglar. Men så vidt eg har forstått har ferramol ein viss effekt, og så er det berre pølsklypa og saltspannet som gjeld…

    • Bente says

      Jepp – har allerede utviklet en imponerende teknikk med pølseklype og saltspann gjennom årelange øvelser. OG det hjelper faktisk. Hadde vært ENDA bedre hvis naboene mine også hadde gjort sitt….

  6. hajal says

    Eg ser iallefall at eg treng ikkje ottast svolten denne sommaren. Med dei mengder med skavalderkål eg har på eigedomen min – (her i bygda best kjend under namnet hagedjevel) vil eg truleg ha mat nok bare med suppe av den så lenge det er vekstvilkår for den.

  7. Pingback: Slik bekjemper du skvallerkål - Hagedilla

  8. Hanne Paulsen says

    Det kan ta litt tid å venne seg til skvallerkål. Anbefaler å begynne med mindre mengder pga mageknip.

    • Det er jo berre å prøve? Frys ned ein liten batch, og så tiner du den opp etter eit par dagar og ser korleis den har blitt.

Leave a Reply