Allergi, Billig mat, Supper, Veggis
Comments 17

Urpoteten – jordskokk

Jordskokk (Helianthus tuberosus) er ein plante i korgplantefamilien, der den til dømes har selskap av ulike typar solsikker. Under jorda derimot, oppfører den seg eigentleg som ein potet, den har knollar som bular ut og veks når dagane vert kortare. 

Grunnen til at eg kallar den for urpotet er at den kan brukast på same måte som potet (bortsett frå at den er god rå, det er ikkje poteten) og den kom til Europa før poteten, til Norge kom den fram imot midten av 1600-talet. Jordskokken vart danka ut av den ekte, nye poteten då den kom. Poteten held seg betre, den er lettare å skrelle og du bidreg ikkje til global oppvarming når du et den. Men jordskokken har ein langt meir interessant smak enn poteten har.

asbarges-008Mi kjære venninne Ovedia var så lur at ho planta jordskokkar i hagen sin ein gong for lenge sidan. Av ein eller annan grunn planta ho dei side om side med dei fine aspargesplantane sine. Det angrar ho på. Aspargesen får aldri ein lukkeleg dag meir, pressa ned og til sides som den blir at desse invaderande knollane.

Men jordskokken har nokre sjarmerande trekk og. Den veks og kan haustast heile vinteren, så sant du klarer å grave i jorda. Den er svært næringsrik, men karbohydrata i jordskokken er ein sjeldan type som kallast inulin. Dette karbohydratet vert ikkje teke opp i kroppen på same måte som andre karbohydrat, så blodsukkeret stig sakte og fell sakte når ein et jordskokk. Smaken er nøtteaktig, med eit hint av trøffel, og eit søtleg preg. Ganske spennande, altså.

Hos enkelte menneske (vel, kanskje dei fleste når eg tenker meg om) har jordskokken ein biverknad ved at ein produserer meir tarmgass enn elles. For min del kan det handterast med eit glas cultura før sengetid, det kan eg anbefale om du skulle vere så heldig å få servert jordskokkar i ei eller anna form.img_6389

I går hadde Ovedia gravd opp asparges-/jordskokkbedet sitt, og kom med ein bakke full av jordskokkar til meg. Eg gjorde som eg måtte, og skylte dei, skrelte dei og gjekk i gang med testinga.

Den klassiske retten av jordskokk er jordskokksuppe. Den vert ofte lagd med fløte og smør og smør og fløte, men eg lagde ein lettare, meir vichyssoise-aktig variant. Vichyssoise er den kjende franske suppa med poteter, purre og fløte. Eg droppa fløten, og hadde litt kesam i til slutt i staden. Slik gjorde eg det:

Jordskokk-vichyssoise

800 g jordskokkar

Ein middels stor purre

Smør eller olivenolje

8 dl vatn

2 ss mjøl

Salt og peppar

Litt sitronsaft

img_6392Vask og skrell jordskokkane. Kok dei i lettsalta vatn i 30-40 minutt. La dei renne av. 

Rens og skyll purren, og kutt den i tynne ringar. Ha feittet i ei tjukkbotna gryte, og varm det opp på middels varme. Ha i purren og la den surre litt. Strø på mjøl, og rør det inn.

img_6410Slå på vatn, og rør godt. La suppa koke opp medan du rører. Kok i 5-6 minutt for å få bort mjølsmaken. Smak til med salt, peppar og litt sitronsaft. Ha i jordskokkane, og la dei bli gjennomvarme. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar. Ha eventuelt i litt kesam, rømme eller creme fraiche viss du likar det. Server suppa med litt steikt bacon eller krutongar dryssa på. Suppa blir glutenfri om du jamnar den med maisenna i staden for kveitemjøl. 

img_6414Eg brukar ofte buljong i ei eller anna form når eg lagar suppe. Men denne suppa er så mild i smaken at eg droppar det, og brukar berre kommunalkraft, altså vatn med salt og peppar. Prøv denne viss du finn jordskokkar, det er kjempegodt. Eg har spart nokre skokkar som eg skal eksperimentere vidare med, så stay tuned! 

This entry was posted in: Allergi, Billig mat, Supper, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

17 Comments

  1. Nam nam! Jeg lager jordskokksuppe ganske så ofte og synes det er kjempegodt! Jeg bruker å sprøsteke serranoskinke i stekeovnen, knuse i småbiter og strø over. Det beste med jordskokksuppe er jo at det er så lettvint 🙂

  2. jeg har til gode å få servert jordskokk på en måte jeg synes var bra, men jeg har ei heller fått det så mange ganger da, kansje jeg får dytta mannen til å prøve en par oppskrifter. Men at den er gassproduserende ante jeg ikke, kjekt å vite 🙂

  3. Jeg har laget puré av den, -det var da både smør og fløte i, og litt mer smør…. Det var i alle fall skikkelig godt, det var vel til kalv jeg serverte dette. Ingen rundt bordet hadde smakt jordskokk før, og det ble skrapet helt reint!

  4. Mari_ says

    Tok opp jordskokkene her om dagen og skal se om jeg ikke kan ta og lage suppe av noen av dem. Kjekt med alternative oppskirfter 🙂 Her i huset har de blitt brukt som tilbehør til potetmiddager. Synes jordskokker er ganske godt, men vanskelig å få dem javnt kokte…

  5. Ja, det har eg og merka. To jordskokkar av same storleik har ulik koketid. Når du lagar suppe og mos er ikkje det så nøye, du berre køyrer den glatt, og er nokre litt harde så går dei i mosen likevel.

  6. Margit says

    Sidan jordskokken både har ein markert smak, er litt dyr og ikkje minst tungvinn – gjer eg ofte slik: Både i jordskokksuppe og -puré/stappe har eg om lag 2/3 potet og resten jordskokk. Blandingshøvet kan variere etter kor sterk smak eg ynskjer, om det er fest eller kvardag, osb. Kokar dei ofte i kyllingbuljong, denne krafta kan t.d. brukast til å spe på ein saus.

  7. Pingback: Bakte jordskokkar « Alt godt

  8. Tenkte jeg nesten du hadde erfaring med jordskokk! Jeg har akkurat oppdaget den, da jeg høstet min første avling som andelsbonde. Laget en nydelig suppe (og skrev noen betraktninger på bloggen, hvis du er interessert).

    En uventet bivirkning for 2/3 av familien: Usedvanlig mye luft i magen. Har du merket noe til den slags? Gir det seg evt. ved gjentatt inntak? 🙂

  9. del noen godt vaskede skokker i like store deler(trenger ikke å skrelles) og wok dem raskt til lett brune – krydres med salt/pepper og timian.Pass på at de ikke blir gjennom stekt/kokt!nammmm…

  10. Vigdis Hauger says

    Hei
    Er det noen i bergen som jeg kan få vise mine «jordskokker». Er nemlig ikke 100% sikker på at det er jordskokk jeg har, og vil gjerne ha eksperthjelp til å avklare det 🙂

  11. Vigdis: Gå inn på hagegal.no, der finn du masse info, inkludert bilde. Pluss at du kan spørje etter hagegale i Bergen i forumet. 🙂

  12. Morten says

    Nam, nam, jordskokk med godt smør er min livrett!
    🙂

  13. Marianne Tønnesen says

    Takk for fine tips, vi skal prøve å sette jordskokker til våren 🙂

    Hilsen

    Marianne og Marko

    Fra Nannestad 🙂

    • Hei!

      Ja, jordskokk er noko av det enklaste å dyrke. Men den er eit ugras, når du først har planta den blir du aldri kvitt den, så ikkje plant den viss du ikkje meinar det. 🙂

  14. Birgitta Olsen says

    Jordskokk som står ute gjennom vinteren gror nye jordskokk neste år. Som nevnt trenger man ikke høste jordskokk om høsten, ta opp det du trenger og la resten stå, det gjør jeg 🙂

    Er genialt å steke sammen med andre rotgrønnsaker (dele i staver, legge i ildfastform og steke til alt er mørt, i stekeovnen). Passer til alt av kjøtt (også kylling).

    Pst! Gass lages ikke i magen, men i tarmene 🙂

Leave a Reply to mittsnittCancel reply