Allergi, Billig mat, Kaker, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Pai
Comments 2

Meir rabarbra – ein pai denne gongen

Når ein først har kome i siget med slike deilige vårvekstar som vi har i hagen no er det ikkje lett å stoppe. Eg er av den sorten som syns at for mykje av det gode er heilt fantastisk, han eg er gift med vil ha variasjon.

img_6449Vi prøver å møtast på ein slags middelveg, men denne helga fekk eg viljen min; rabarbrasuppe med krem på fredag og rabarbrapai med vaniljeis på laurdag.

Paien eg lagar i dag er ein smuldrepai, ikkje så ulik denne. Den er utan nøtter, og mjølkefri viss du brukar mjølkefri margarin, for eksempel Euroshopper flytande margarin, og droppar vaniljeisen. Kokosis er også veldig godt til, dei variantane eg har sett er mjølkefrie.

Eg likar også å tenke at denne paien er ørlite sunnare, sidan eg brukar havregryn i mjølblandinga. Den inneheld iallfall ein god dose kostfiber, og det er vel bra?

Denne paien kan også lagast med kvann, eg var lat og gadd ikkje gå ned trappene og hente, men har du kvann så putt ein neve finhakka i paien. Jordbær er også deilig saman med rabarbraen, det same er ferske aprikosar. Slik gjorde eg det:


img_6498Rabarbrapai

600 g rensa rabarbra

100 g havregryn

75 g strøkavring

100 g sukker

125 g smør eller margarin

1/2 ts kardemomme

Til frukta: 2 ss sukker og 1 ss maisenna

Sett omnen på 190 grader.

Hakk rabarbra og eventuelt andre frukt-ingrediensar fint.

img_6491Bland frukta i ein bolle, vend inn 2 ss sukker og ei ss maisenna og ha blandinga i paiforma. Smelt smøret på låg varme viss du ikkje brukar flytande smør/margarin. Køyr havregryn i ei matmølle til dei er grovhakka. Bland havregryn, strøkavring, sukker, kardemomme og smør i ein bolle. Du kan også kna inn mjukt smør i det tørre med fingrane i staden for å smelte det først. Då gjer du det etter at det tørre er blanda.

Ha smuldremassen over frukta, og bak paien i omnen på 190 grader i 40 minutt.

2 Comments

  1. Takk for besøket på bloggen min. Dette så deilig ut. Skal prøve den når rabarbraen blir litt større. 🙂

  2. Nam, det så godt ut, den må jeg prøve. Har du smakt Jamie Oliver sin Rabarbra Sufflé? Nydelig! Den ligger på bloggen min hvis du er nysgjerrig 🙂

Leave a Reply