Allergi, Fest, Kaker, Noko søtt, Pavlova
Comments 8

Allergivennleg festbord

For dei som er allergiske er alle dei flotte festborda i mai eit trist syn. Ofte er det ikkje teke omsyn til at enkelte ikkje toler mjølk, mjøl eller nøtter. Eg syns det er god skikk å alltid spørje om det er allergikarar blant gjestane mine.

Eg er heller ikkje fan av så voldsom merking av allergivennlege produkt på eit festbord, i allfall ikkje i mindre private selskap der vertskapet kjenner alle gjestane. Gje heller allergikarane eit vennleg hint om kva kaker som er lagde med tanke på dei, og så kan alle forsyne seg fritt.

Står det ”allergimat” på ei kake så styrer alle andre unna, heilt utan grunn. Kaker som er allergitilpassa smakar ikkje så veldig annleis enn andre, og ingen allergikarar klarer å setje til livs ei heil kake åleine. Som vertinne er det målet mitt at allergikarane skal kunne spise det aller meste av det som er på bordet. Det er enklast både for dei og for meg.

blabarpaiBlåbærpai

4,5 dl glutenfri fin mjølmix

3 ss sukker

150 g mjølkefri margarin

½ dl kaldt vann

0,5 ts salt

Vaniljekrem

2 posar vaniljesausmiks

6 dl soyamjølk

2 egg

4-5 dl blåbær til pynt

Ha mjølblandinga, sukker og salt i ei matmølle. Ha i kald margarin, og køyr mølla til deigen er smulete. Ha i vatnet, og pulser til deigen har samla seg rundt kniven. Ta deigen ut, og kna den saman til ein ball. Pakk den i plast, gjerne flatklemd, så gå kjevlinga fortare, og legg den i kjøleskap ein times tid.

Set steikeomnen på 200 grader. Kjevle deigen ut, og legg den over ei 24 cm paiform. Fell den frå kvarandre, så legg den oppi i ein klump, og klem den utover forma og opp langs kantane. Prikk deigen, og steik den i ti minutt. Så langt kan du lage paien klar kvelden før.

Lag posesausen slik det står beskrive på pakken, men med den mjølkemengda som er oppgitt her. La sausen kolne før du har i egga og rører den glatt. Toler gjestane dine ikkje egg, så bytt ut egga med 1 ss maisenna utrørt i kaldt vatn. Slå vaniljekremen i forma, og steik på 200 grader i 30 minutt lågt i omnen til massen er stiv.

Pynt med blåbær før servering. Du kan også ha bæra i vaniljekremen, men eg syns det ser meir delikat og feststemt ut med bæra på toppen på denne kaka.teselskap2

Skogsbærfromasjkake

300 g Semper havrekakor

150 g smelta mjølkefri margarin

2 pakkar skogsbærgelé

3 dl Odense Erlet

5 ss sukker

Ei klype salt

2 posar frosne skogsbær

Denne kaka må lagast dagen før den skal serverast. Køyr havrekakene til smular i matmølle, og ha i den smelta margarinen. Press massen ut i ringen av ei 26 cm springform som du set på serveringsfatet, og la den stå kaldt.

Tin bæra, og la dei få eit raskt oppkok med 3 ss sukker. Avkjøl. La dei renne av, og bruk det «våte» som saus.

Lag geléen slik det står på pakken, men med halv vassmengde. Pisk Erlet til ein luftig krem med 2 ss sukker og ei klype salt. Vend inn skogsbærgeléen og bæra i kremen, og hell den over kjeksmassen. La kaka stivne i kjøleskap til dagen etter.

Server kaka som den er, med bærsaus eller pynt med friske bær og piska Erlet.

Marengskake/pavlova

6 eggekviter

300 g sukker

1,5 ts kvit eddik

1/2 ts salt

Pisk eggekvitene stive med eddik og salt. Ha i sukkeret litt etter litt, slik at det vert til ein tjukk og delikat marengs. Teikn to like store sirklar, ca. 22-26 cm, på bakepapir. Bruk ein asjett eller tallerken som mal. Smør marengsmassen utover slik at det vert to jamnt tjukke «kaker». Tørk dei i omnen på 100 grader i 80 minutt.  Legg eine botnen på eit kakefat. Lag skogsbærkrem som beskrive over, men utan gelatin. Smør kremen utover marengsbotnen, og legg den andre oppå. Pynt med bær og spisande blomar som fiolar, agurkurt, roser eller ringblomster.

I tillegg vert alle som toler egg glade for å få servert pikekyss, gjerne dyppa i mørk, mjølkefri sjokolade. Fin fest!

8 Comments

  1. Så flott med allergivennlige kaker! Jeg har flere venner med melkeallergi, så dette er kjente problemstillinger, og kjempefint å få litt flere kaker på repertoaret. (Brownies er forresten en utmerket kake for melkeallergikere, det er bare å bruke melkefri sjokolade og melkefri margarin, og ingen har hittil smakt forskjell.)

    Jeg har forsøkt å få tak i Odense Erlet flere steder, men alle bare ser rart på meg. Har du noen sikre tips?

  2. Eg har sett odense erlet på Maxi, Ultra og i enkelte helsekostbutikkar. På Maxi har dei også noko som heiter sour supreme som er ei rømmerstatning, og den kan ein også godt bruke i ei slik kake. Det gir ein litt syrlegare, meir osteaktig smak.

    Euroshopper flytande margarin er mjølkefri, den brukar eg i våre bursdagskaker, fordi mi venninne ikkje toler mjølk. Den smakar godt, mykje betre enn den trege blå soyaen. Og så er den billig! 😀

  3. Alter Ego tipset meg om denne posten, ettersom jeg ikke tåler gluten og laktose. Nå ble jeg hoppende glad! Og så syns jeg det er veldig fint at du ikke merker den allergivennlige maten – både fordi det smaker godt og ingen allergiker kan spise en hel kake alene, men også fordi det er så nitrist å være på besøk og føle seg annerledes og sær i matveien. Vi vil jo helst bare blende inn blant alle de andre gjestene!

    Forøvrig er Toro sine vanlige sjokolademuffinspakker både gluten- og laktosefrie, men det visste du kanskje?

  4. Frøken Makeløs: Så fint at du likte dette!

    Jepp, både sjokolademuffins og sjokoladekake frå Toro er mjølkefrie, det er vel same stoffet. eg brukar berre langpannekakemiksen. Den er ein sikker vinnar på loppemarknad og på 17. mai på skulen. Eg skriv om den her: http://altgodt.wordpress.com/2009/03/21/enda-fleire-kaker-a-dele/ Utfordringa er at mange slumsar med glasuren. Glasuroppskrifta til søstra mi, med mjølkefri margarin, gir ein deilig allergikarglasur. 😉

  5. Og der ser eg at du alt har fått med deg dette med toro-mix’en 😉

    Eg blei også hoppande glad når eg såg posten; her er jo blåbærpai jo, som jenta mi kan ete! Er nettopp ein sånn ein, med vaniljekrem eg gjerne vil lage til henne. Vi er glad i å plukke blåbær i denne familien.

    Og eg VEDDAR på at den er suverent god med eple i. Med kaneldryss. Om du nokon gong reiser til Stavanger, gå på Våland dampbakeri og be om eplepai. Den er heilt fantastisk, og etter at eg flytta frå byen prøvde eg å gjenskape sjølv ein lik. Eg kom i mål, men så kom cøliaki på besøk i familien. Etter det har eg ikkje prøvd, men eg trur at blåbærpaien din vil sette meg på sporet igjen 🙂

  6. Så bra! 😀 Denne kan varierast med mange typar frukt, rabarbra og kardemomme er sikkert også deilig i desse tider.

  7. Pingback: Blomar på eit festbord « Alt godt

  8. Pingback: Maikaker « Alt godt

Leave a Reply