Humor
Comments 4

Å vere mamma

Eg har allereie erklært mine varme kjensler for Love Actually, men det eg ikkje visste var at det sirkulerer materiale som er klipt frå filmen på Youtube.

I filmen ser vi ikkje så mykje til Emma Thompson og Alan Rickman sine barn, bortsett frå julegåveutdeling og hummarscener frå julespelet. Men sonen deira var tydelegvis opprinneleg skriven som ein noko opprørsk nesten-tenåring som var det vi heime kan kalle atal.

I denne scena, som altså er blant dei sletta scenene, blir Emma Thompson innkalt til møte på rektors kontor, for å bli informert om sprella som avkommet har gjort. Måten ho handterer det heile på er mønstergyldig, etter mitt syn. All respekt til mødre som klarer å ta hand om sine kreative, utagerande og flotte guteslampar på ein slik måte at dei ikkje kjenner seg krenkte eller hundsa med.

This entry was posted in: Humor

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Herlig scene! Jeg synes også hun tar det helt riktig, det er jo helt hårreisende å skulle gjøre en rektoraffære ut av en sånn tekst.

  2. Maiblomst says

    Herleg! Ikkje alltid like lett å vere mor,nei! Men humor er jo ikkje ugagn. 🙂

Leave a Reply to fru storlien Cancel reply