Duft
Comments 7

Dagens duft for 17. mai

I dag har vi dobbelt grunn til å feire, både grunnlovsdagen og sigeren i Melodi Grand Prix i går kveld.

gl lai 3.4ozKva bør ein dufte av når ein skal feire sitt eige land og våre sigrar? Det finst berre ein norsk dameparfyme som eg veit om, Laila, lagd av den einaste norske parfymøren eg veit om, Geir Ness. 

Han har oppkalt dufta etter mor si, som tok han med på fjellturar då han var liten, og inspirerte han til å lukte på blomane.

Laila er ei frisk blomeduft, den har eit lite hint av frukt, men ikkje for mykje. Den er ein lys og lett parfyme, men blir lenge på huda, og gjer mykje av seg på ein god måte.

 

Geir ness

For meg er dette ei «kvit», rein, såpeaktig duft som ein føler seg vel med. Den er vaksen, eg ser ikkje for meg tenåringar med denne på seg, sjølv om det sikkert kunne vere stilig med ein slik kontrast. 

Den er ikkje tilgjengeleg overalt, men eg veit av nokre Estetique-parfymeri har den, mellom anna på Glasmagasinet.

God 17. mai!

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Ha en flott 17 mai du og !!!
    Selv er jeg på vei ned for å selge kaffe, kake og sukkerspinn så jeg har ikke tenkt på hverken parfyme eller bunad iår…

    Klem

  2. Lykke til med sukkerspinnet! Min einaste forpliktelse er å servere pølser til korpset når dei kjem opp frå byen att, bortsett frå det skal eg berre kose meg.

  3. sol says

    min parfyme i går blei ein som angar «reint» av den dufta eg mest forbinder med mai: syrinduft. og parfymen er Yves Rochers Pur Désir de Syrin. Kom til at bunad og klassiske franske parfymer iallfall blei ein dårleg kombinasjon..

  4. sol says

    ps: Pur désir de lilas heiter den sjølsagt

  5. Geir Ness har også laget en av de svært, svært få herreduftene som passer på min samboer, Geirpower. Navnet til tross er det en veldig behagelig duft. (Og ekstra gøy blir det jo fordi samboeren også heter Geir…)

  6. 17. mai gikk meg litt hus forbi i år, med ekstra jobbing osv. Laila må være en bra 17. mai duft iallefall 🙂 Får dra fram prøven min snart jeg også. Har prøvd den før da, men mange år siden sist. Og helten vår Alexander er til å spise opp 😀

  7. Laila er en herlig duft! Og dette var en superfin siden. Den Geirpower har jeg aldri prøvd. Er den bra altså?

    Uansett, kjære Alt Godt: Kunne du lagt ut en link til nettbutikken min http://www.parfymeshop.no ?
    Den er relativt ny, og jeg trenger all drahjelp jeg kan få. Kom også gjerne med innspill ang hvilke parfymer vi bør ha i butikken.

    post @ parfymeshop dot no

    Mvh hilsen
    Lars

Leave a Reply to parfymeshop.no Cancel reply