Ein hagevenn minte meg på denne songen, og det passar så fint å presentere den for dokke i dag. For fem år sidan gjekk guten min i første klasse, og han og klassen hans hadde øvd inn denne songen.
Han har aldri vore ein slik som skravla i veg om kva han gjorde på skulen, og vi må dra ut av han kva han driv på med. Vi har ein spøk der eg spør kva han har lært, han seier “ingenting”, og eg seier eg må ringe til læraren og klage fordi dei ikkje lærer noko.
17. mai i første klasse vart klassen hans beden om å kome opp på scenen, og så song dei med klokkeklare røyster denne songen. Det er ein innfløkt, svensk tekst, og eg hadde ikkje høyrt at han hadde øvd, så det var ei stor overrasking for meg at han kunne den utanatt. Ikkje eit auge var tørt, så mykje kan eg seie.
-og jeg blir helt mjuk og mjå og litt tårevåt og veldig blid 😀
ÅÅÅÅ- Dt var jo en supersøt sang.
🙂 Synkronblogging på oss denne gangen!
Den hadde vi på Astrid Lindgren-forestillingen som Lille Hjerte deltok i. Helt underskjønn! 🙂
mykstart: Hihihi, to sjeler, ein tanke!
Den er så fin! 🙂 Jeg har ikke hørt teksten før, men melodien kjenner jeg godt; gutten min spilte den da han gikk i aspirantorkester
Kjære Alt godt,
Den hadde jeg glemt at bybarna kunne:-)
Takk for påminnelsen fra et vakkert øyeblikk.
klem m