Billig mat, Fest, Mat, Tilbehør, Veggis
Comments 8

Festbord i mai

Mai og desember er dei to store festmånadane for meg. Vi har mange bursdagar i mai, og dei mange fridagane er fine høve til å invitere huset fullt.

Men det er ikkje alltid ein har lyst til å invitere til sitt ned-middag. Av og til er det deilig å berre mingle, danse, drikke sjampanje eller liknande og kose seg på ein meir uformell måte.

Dei siste åra har ei tapas-bølge ridd landet. Uansett kvar du skal får du servert tapas, og det er langt frå den spanske tapasen, som berre er eit lite tiltygg til eit glas sherry. I dag prøver eg å fjerne meg frå tapas-bølga, men eg serverer likevel fingermat. Menyen du får her er utan kjøttbollar og aioli. Dette er ekte fingermat, som ein kan spise utan å sitte ned.

Det kan vere vanskeleg å berekne kor mange bitar ein skal planlegge per person. Dersom ein serverer berre fingermat, bør ein ha sju bitar per person, og så noko søtt til slutt. Dersom ein har dette til ein drink før maten, er det nok med tre-fire. Generelt kan ein seie at ein ”dings” består av 5 gram brød/kjeks, og 10-15 gram fyll. Ventar du 20 gjestar og lagar fem sortar fingermat utan middag må du altså ha 140 ”dingsar”, 28 av kvar viss du lagar likt antall. Pass på at du har nokon med kjøt og nokon med fisk, samt minst ein, helst to sortar vegetarisk. Prøv også å finne ut om nokon er allergiske blant gjestane dine.

I dag har eg laga fem variantar av fingermat: Lefserullar med kremost og skinke eller laks, terter med søt løkkompott, chevrefylte cherrytomatar, toast med eggesalat og gullsprø med ostekrem. Gullsprø er eit aldeles nydeleg flatbrød som egnar seg svært godt til slike anretningar. Det held godt på fasongen, smakar nøytralt og er mogeleg å dele utan alt for mykje svinn.

I lefserullane får du brukt dei saltsylta sitronane som eg lagde for nokre veker sidan, viss du heiv deg på den galskapen. Gjorde du ikkje det så lag lefserullane utan. Vil du ha noko som sparkar litt i rullane kan du hakke litt sylta ingefær og ha i, det får du kjøpt i innvandrarbutikkar og velassorterte kolonialar med asiahylle.

Som alltid når eg lagar mat, prøver eg å gjere det enkelt. Dette skal ikkje ta lang tid, det som tek lengst tid er løkkompotten, som må stå og surre ein times tid. Men det kan den gjere medan du gjer andre ting, berre du ser til den av og til. Eg lagar mine eigne terter på enklaste vis, ved å stikke ut ringar av brød og tørke dei i sandkakeformer. Du kan også kjøpe småterter ferdige. Eg tek utgangspunkt i 20 personar, så er det lett å gange opp og ned for å få rett mengde mat.


Terter med løkkompott

28 brødskiver, gjerne daggamalt brød

500 g løk

2 fedd kvitløk

3-4 ss olivenolje

2 ss salt soyasaus

2 ts sukker

2 ss raudvinseddik

50 g korintar eller rosiner

Salt og peppar

i formStikk ut ringar av brødskivene med eit glas med skarp kant. Hald i klokka på glaset, ikkje i stetten, den knekk lett. Trykk kvar runding ned i ei sandkakeform. ”Tørk” dei i steikeomnen på 200 grader, gjerne varmluft, i 8-10 minutt. Vend dei på rist og la dei kolne. Har du glutenallergikarar til stades så lag nokre terter med glutenfritt brød.

Rens løken og kvitløken, og hakk den fint. Ha olje i ei vid steikepanne, og sett den på middels varme. La løken surre til den er mjuk og blank. Brukar du korintar kan dei gå i heile, brukar du rosiner bør dei hakkast litt.

IMG_6590Ha i korintar eller rosiner, og slå på soyasaus, sukker og eddik. La det heile surre til løken er brun men ikkje brend. Slå på ein liten skvett vatn ein gong i blant så det ikkje kokar tørt og brenn seg. Når løken har fått fin farge smakar du til med salt, peppar og eventuelt meir sukker, og let det heile kolne.

Rett før servering legg du to teskeier kompott i kvar terte. Pynt med ein liten klatt naturell kremost. Viss du har mjølkeallergikarar i selskapet, så la nokre terter vere utan ost, eller bruk chevrekremen frå tomatane.

tomatarChevrefylte cherrytomatar

300 g sota chevre

3-4 ss kvit balsamico

28 cherrytomatar, ikkje dei aller minste

Skrap soten av chevren, og rør den glatt med balsamico. Er ingen allergiske mot mjølk kan du bruke Snøfrisk, den inneheld ein del kumjølk. Skjer toppen ved stilkfestet av tomatane, og skrap ut frø og væske med ei lita teskei. Kutt eit ørlite skal av undersida på tomatane og, så står dei stødigare på fatet. Fyll ostekremen i ein krempose, og sprøyt den i tomatane.

rullarLefserullar

5 lomper eller tre store firkanta potetlefser

200 g kremost

10 skiver skinke eller laks

Tre saltsylta sitronbåtar (viss du har)

Eit lite knippe grasløk

IMG_6600Legg lompene på ei fjøl, og smør på kremost. Det er lettare å gjere viss kremosten har stått ute litt først. Legg på skinke eller laks i tynne skiver. Fjern fruktkjøtet på sitronbåtane (fersk sitron kan IKKJE brukast), skyll og skjer skalet i svært tynne skiver og legg det ”igjennom” rullen.

Strø på hakka grasløk, har du ikkje det kan du bruke andre urter. Rull lefsa tett saman, og sett inn tannpirkarar (utan mentol) med jamne mellomrom. Skjer mellom tannpirkarane, og legg på fat.

Toast med eggesalat

2 grove baguettar

5 egg

6 artisjokkhjarte frå boks eller glas

4-6 ss majones

3 ss hakka basilikum eller persille

4 ss finhakka purre

2 ts honning

Salt og peppar

eggesalatSet omnen på 200 grader. Skjer baguettane i tynne skiver, og legg skivene på ei rist. Rist dei i omnen i 6-8 minutt. Pass godt på så dei ikkje blir brent.

Kok egga i ti minutt. La dei kolne i rennande, kaldt vatn. Del dei først på langs og så på tvers i ein eggedelar. Ha egga i ein bolle saman med majones, urter, og purre. La artisjokkhjerta renne av. Finhakk dei, og ha dei i bollen. Bland alt. Smak til med honning, salt og peppar. Legg 2 ts eggesalat på kvar minitoast, og legg på fat.

Gullsprø med ostekrem

8 skiver gullsprø

100 g skinke i tynne skiver

250 g kremost, gjerne krydder eller urter

3-4 ss mjølk

Eit raudt eple

Rør kremosten mjuk med mjølka. Den skal vere smidig, men ikkje blaut. Hakk skinkeskivene fint. Bland alt. Skjer tynne skalkar av eplet, og skjer tynne skiver av skalkane til pynt.

IMG_6613Legg gullsprøskivene slik at bøyen er ned mot fjøla. Bruk ein brødkniv med taggar eller bølgeblad, og del forsiktig kvar skive i fire bitar på tvers. Legg ostekremen på flatbrødbitane, og pynt med ei epleskive. Viss du har og likar det, kan du ringle litt eplesirup eller balsamicosirup (glacée) over rett før servering.

Dette ser ut som mykje arbeid, men det er ikkje så ille. Det meste av fyllet kan du lage klart på førehand, og sett gode hjelparar til å anrette, pynte og rense tomatar. Gjestane dine kjem til å bli kjempefornøgde, og du kan sole deg i glansen. God maifest!

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Mat, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Heisann, fant bloggen din via mammabloggsiden på facebook… Må si at du hadde utrolig mange fristende matinnlegg… som ammende småbarnsmor kan det nesten gå litt rundt for meg 🙂 Skal teste ut noe av dette garantert….

  2. Unsepus says

    Så nydelig med en enkel og grei forklaring på lekker fingermat! Jeg skal jammen prøve dette neste gang jeg føler for en liten champagnefest 🙂

  3. velduftende says

    Det er nesten så jeg sikler .. 😀
    Nå lider jeg av valgets kvaler .. Du har testet ut Hotel Costes på Heaven Scent, ikke sant? Jeg prøvde den nemlig ikke. Driver med litt byttehandel på Makeupalley .. og skal velge mellom denn og Etra fra Etro????????????

  4. Velduftende: Ojoj, vanskeleg. Begge er vanskelege å få tak i prøver på. Så vidt eg huskar er Etro meir floral, litt skarpare, medan Costes er varm, trass i at den har lavendel i seg.

  5. Pleier nemlig å skygge unna for RØDE flasker, så var vel derfor jeg ikke prøvde den 🙁 Jeg har bare såvidt snust på flasken av Etra for lenge siden. Tror kanskje den er litt skarpere ja, og jeg trives best med de varme. Tror kanskje jeg skal gå for Costes 🙂

  6. hildeG says

    Dette ser godt ut. Skal tenke på det til neste samling i heimen her. Må få litt skikk på hagen først, det går ikke an å invitere folk slik det ser ut her nå…

  7. Vet du hva jeg liker? Jeg liker at jeg googler etter noe og kommer til deg. Takk for tips 😀

Leave a Reply to hildeGCancel reply