Musikk
Comments 4

Noko av det vakraste XV

Brazz Brothers vaks eg og opp med. Dei av vennane mine som spelte i korps var kvar sommar i Ørsta på sommarkurs med desse førde-brødrene, og kom heimatt høge på livet etter å ha jamma i ei tid då jamming ikkje ein gong hadde med syltetøy å gjere.

Eg var skitmisunneleg, men verken piano eller chello hadde noko i korps å gjere. Og å synge var heilt utenkeleg, då måtte ein i allfall vere grimsting og synge kristelege songar, då var det greitt. Elles var det berre å vise seg fram, og det skulle ein ikkje. Dermed basta.

Bruremarsjen til Jan Magne Førde er ei perle, og desse karane improviserer på ein måte som er heilt nydeleg. Sjå trommisen, han er berre strålande. Eg diggar dei, eg diggar dei! Opptaket er frå Landsfestivalen for korps i 2008 i Stavanger.

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Denne er heilt klart ei perle! Eg syng i eit damekor som heiter LYST, og vi har denne på repertoaret. Vi har sunge den i bryllaup ved fleire høve, og den slår alltid an når vi syng den på andre arrangement!

    Staseleg og flott!!!

  2. Ei av dei største musikalske opplevingane mine, var ein gong på 70-talet eg var på konsert med Ytre Suløen (Førdebrørne var med der) og Ruth Reese i Volda. Eg trur det var den konserten som fekk meg til å halde fram med å spele eit så ukult instrument som trompet i ei tid då alle skulle spele elgitar. Eg har likevel aldri spelt i korps. Einaste gongane eg har angra på det er når eg har sett og høyrt kor ungdommane har kosa seg på sommarkurs inne på folkehøgskulen. (Den gongen var ein grimsting rektor der.)

Leave a Reply