Billig mat, Mat, Middag
Comments 3

Bruke opp skinke-prosjektet

Sa eg at vi hadde for mykje skinke? Først ein svensketur og så ein til gjer at det hopar seg opp. Det er billig å kjøpe, men dyrt å kaste, så her går mor i gang igjen. 

Denne gongen kombinerer eg skinka med brokkoli, og gratinerer dampa brokkoli med kvit saus tjukk av skinke. Dette er enkel og billig mat, alle likar den, og den er lett å variere.

IMG_6403Eg har lagd denne med bacon, med reker og med pølsebitar. Du kan og ha røykt raud fisk i sausen, som laks eller ørret.

Brokkoli kan byttast ut med blomkål eller purre, og eg har også gratinert dampa jordskokkar på denne måten. Droppar du skinke eller tilsvarande, er dette ein fin vegetarrett. Slik gjorde eg det:

IMG_6701Skinkegratinert brokkoli

 800 g (to «hovud») brokkoli

100 g ost

8 dl mjølk

2 ss smør

2 ss kveitemjøl

Salt, peppar og muskat

Set omnen på 200 grader. Skjer dei grovaste stilkane av brokkolien, og del opp bukettane til passe storleik. Kok opp godt salta vatn i ei gryte, og legg i brokkolien. La den koke i 3-5 minutt. Hell av vatnet, og la den dampe tørr.

IMG_6700Smelt smøret i gryta, rør inn mjøl og slå på mjølk. Rør glatt, og la det heile koke opp medan du rørar. Smak til med salt, peppar og muskat. Ta sausegryta av plata, og rør inn osten. Smak at sausen er passe salt. Eg har også gjerne i ein sprut sitron.

Skjer skinka i passe bitar, og ha dei i sausen. Ha brokkolien i ei eldfast form. Ha over skinkesausen. Har du litt ekstra ost, så strø den over før du set forma i omnen. Steik gratengen på 200 grader i 18-20 minutt. 

Server med rista brødskiver, og litt salat viss du har.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Se her du. Mmmm – en deilig løsning på et velkjent problem, også her i gården. Takk for tips og oppskrift!

  2. Mmmm. Skal prøve å huske denne til jeg klarer å lage mat igjen! Så skikkelig godt ut.

Leave a Reply