Grønt
Comments 14

Grønt og godt

Eg brukar masse grøne urter i maten eg lagar, og å dyrke dei er mykje lettare enn ein trur. Urter gjev maten eit løft, utan at det kostar for mykje verken i kroner eller i arbeid. Men det kan vere vanskeleg å skaffe seg oversikt over dei vanlegaste sortane og korleis dei vert dyrka. Her er ei oversikt over dei krydderurtene eg brukar mest, korleis du får tak i dei, passar på dei og brukar dei i mat.

Det er vanleg å skilje mellom fleirårige og eittårige urter. Mange eittårige urter frør seg så lett at du får dei tilbake år etter år likevel. Dei fleirårige er som regel ganske motstandsdyktige, og toler ein vinter. Men nokre av dei treng å bli pusla litt med, for eksempel med eit lag granbar i dei kaldaste månadane. Lag deg eit urtebed i ein lun del av hagen, gjerne med ein levegg, og vend mot sør. Del gjerne bedet i to, for nokre urter er ugras, og må tøylast, og dei kan stå kvar som helst. Andre må stellast og godsnakkast med, og dei bør få stå i ”finebedet”. Eit anna triks er å ha urtebeda nær kjøkenet, slik at det er lettvint å stikke ut og ta det du treng. Då brukar du meir urter, rett og slett!

Har du ikkje hage vil dei fleste urter kose seg på ein balkong. Det kan hende du får problem med å overvintre dei, men eg har iallfall sett grasløk, mynte (sjølvsagt…) og oregano som har overlevd i potter på ein balkong.

Dersom du vil kjøpe ferdige planter, bør du gå til ein planteskule eller eit hagesenter. Dei plantene du får i daglegvarehandelen er hardt drivne fram, og toler sjeldan det sjokket det er å kome ut i friluft. Frå denne regelen er det tre unntak: Mynte, sitronmelisse og oregano er så herdige og villige at dei overlever kva som helst, og toler godt å gå rett frå drivhus og ut i mai. Dei treng ikkje stå på solsida av huset, dei overlever uansett. Men nær kjøkkenet bør dei vere, så du brukar dei.

Eittårige urter:

Basilikum: Basilikum smakar svært aromatisk, ein fantastisk smak som ikkje liknar noko anna, syns eg. Basilikum er ei sart plante som bør vekse inne. Til gjengjeld er den utruleg gåvmild viss den vert stelt pent med. Eg kjøper potter i butikken, gjerne to som eg set saman i ei stor potte. Når du kjøper ei potte basilikum, kan du plukke den ganske langt ned. Ta alle toppskota, og plukk bort dei tynnaste stilkane, la det stå att ca. 15 stilkar i kvar potte. Plukk alltid blada frå toppen og ned, då hindrar du at den blomstrar og blir bitter og rar. Lag ein stor porsjon pesto av første runde, og sett planta i god, næringsrik jord i ei romsleg potte med god drenering.

Basilikum må ha vatn kvar dag, så den må du ikkje reise ifrå. Eg har reist Norge rundt med ein basilikum i bagasjerommet, det går heilt fint. Får den attpåtil litt gjødning ein gong i veka kan du hauste av den til stilkane vert som bjørkekvistar. Basilikum passar i salatar, i dressingar, perfekt til tomat, og som pynt på brødskiver med skinke og majones/aioli. Har du basilikum i varme rettar, så ha den i heilt til slutt. Den har ikkje godt av å koke. Basilikum passar saman med timian, persille og oregano.

Koriander: Koriander har også ein veldig karakteristisk smak, nokre meiner den smakar som såpe ved første forsøk. Men prøv igjen, smaken er nydeleg, og passar veldig godt saman med lime, kokosmjølk og chili, dei typiske thailandske kryddera. Den er også mykje brukt i indisk og meksikansk mat. Koriander frør seg lett, og bedet mitt har sådd seg frå ei plante som eg hadde i fjor, som fekk blomstre fritt. Ein alminneleg grunnregel er at du kan hauste av urtene fram til dei blomstrar, men ofte rekk koriander og dill å frø seg to gongar i løpet av ein sesong, iallfall viss dei står lunt og godt. På bildet ser du asparges med koriander i bakgrunnen.

Koriander kan vekse ute, finn ein lun plass ved ein sørvend vegg, og bruk god, ny jord utan ugras. Koriander vil gjerne ha le, den veks dårleg i vind. Eg brukar koriander i guacamole, til dei marinerte rekene du har fått oppskrift på tidlegare, og masse deilig thaimat. Tomatsalsa med koriander smakar fortreffeleg, og den passar godt viss du for eksempel vil lage ein kjøtpudding med urtefyll. Koriander smakar så karakteristisk at det er ikkje så lett å kombinere den med andre urter.

Dill: Dill forbind eg med ferie i Sverige! Når du kjøper nypoteter frå ein mjølkerampe på Fårö nord på Gotland får du fersk dill på kjøpet til å legge i kokevatnet. Dill er lett å så rett i bedet, men du kan også dyrke det inne og plante ut i mai viss du vil ha tidleg avling. Eg brukar å så ny dill eitt par gonger i løpet av sommaren, då har du lenge. Dill passar til så uendeleg mange ting, i salatdressingar, til alle fiskerettar, til reker og i sylteagurklaken. Heimegrava laks med sjølvdyrka dill er nydeleg, og du kan til og med lage snaps med dillsmak. Då bør du bruke frøa som kjem etter at den har blomstra ferdig. Snapsen passar strålande til laks, kreps og all anna sjømat.

Dill er takknemmeleg å dyrke, det einaste du må passe på er å hauste den flittig. Frys gjerne ned i boksar og glas viss du ikkje brukar alt. For dei fleste urter gjeld regelen om at dess meir du haustar, dess meir skyt dei knoppar og veks.

Fleirårige urter:

Timian: Timian er det klassiske middelhavskrydderet, og eitt av dei kryddera som er like anvendeleg tørka som friskt. Timian passar veldig godt i italiensk og fransk mat, og er sjølvsagt i ertesuppe. Eg brukar å sleppe ein kvist oppi gryta når eg lagar minestronesuppe, pastasaus eller anna grytemat, og så fiskar eg kvisten opp når den har gjeve frå seg all den gode smaken, og blada har ramla av. Å knuse timian med olivenolje, grovt salt og peparkorn er den klassiske ”Jamie-metoden” for å få ein nydeleg urteolje som set smak på salatar, sausar og kjøtrettar. Timian passar perfekt til marinadar til grilling, særleg viss du skal grille oksekjøt eller svin.

Timian må haustast flittig, den blomstrar raskt viss den ikkje vert klipt ned jamnt og trutt. Den toler ikkje så godt streng kulde, så dekk den til om vinteren med granbar eller liknande.  Timian inngår i den klassiske ”bouquet garni”, ein suppekvast som skal koke med når du kokar kraft. Ein slik kvast består tradisjonelt av timian, persille og laubærblad, pakka inn i purreblad.

Oregano er også eit klassisk middelhavskrydder, og veks vilt i Norge under namnet bergmynte. Oreganoblad kan puttast i salatar, kan koke med i gryter som med timian, og er sjølvsagt i pastasausar og på pizza. Det er også eit veldig godt brødkrydder, elt hakka oregano inn i ein god gjærdeig, og lag rundstykke eller urterullade. Oregano veks som ugras, og bør ikkje stå saman med dill, koriander og andre meir ”finslege” urter. Den høyrer typisk til i ”ruskebedet”, saman med mynte, sitronmelisse og løpstikke.

Oregano bør også haustast flittig, og blir meir aromatisk viss den får litt gjødsel, som til dømes avfall frå plenklipping.

Salvie: Salvie har sølvgrå, avlange, elegante blad, og ein karakteristisk, aromatisk smak. Salvie er perfekt til kylling, kalv og svinekjøt, kyllingfilet innepakka i bacon med salvieblad imellom er ein deilig kombinasjon. Salvie er lik timian redd for kuldegrader, og bør få grandekke om vinteren. Steller du pent med den, kjem den attende kvart år, og blomstrar vakkert i lilla tonar. Salvie kan også brukast i brød, og litt hakka salvie i ein god olje- og eddikdressing løftar ein enkel salat til store høgder.

Persille: Persille kan brukast til alt, ganske enkelt, både når den kjem som bladpersille og i den klassiske krusa utgåva. Persille er best fersk, den bør ikkje koke lenge med i rettar. Unntaket er når den vert brukt i bouquet garni, sjå over. Bladpersille er godt som salatgrønt, og hakka persille er nydeleg i kryddersmør.

Persille kjem att år etter år ved at den frør seg, og i løpet av sommaren bør den klippast hardt ned nokre gongar, for å unngå at den blomstrar for tidleg. Den toler godt kulde, og du kan hauste av den heilt til snøen kjem. Bildet du ser her er teke i november.

Frys ned det du ikkje får brukt, og spar det til vinteren. Eg har prøvd å så persille, og syns den er treg med å spire. Men i bedet kjem den trufast kvar sommar.

Sitronmelisse: Sitronmelisse har ein sterk sitronaroma, og passar godt i dessertar, som pynt i drinkar og på kaker, og til fiskerettar. Sitronmelisse toler dårleg tørking, så den bør brukast fersk. Den må stå i ”ruskebedet”, for den veks som ugras, og sprer seg nesten like ille som mynte. Pensle blada med eggekvite og strø på sukker, og bruk dei som dekor saman med jordbær på festbløtkaka. Frys ned middels store sitronmelisseblad i isterningar til du skal ha fest, dei er så pene i drinkane!

Mynte: Mynte har den typiske tannkremsmaken, og er uunnværleg i den kubanske drinken Mojito. Hakka mynte er nydeleg i tzatziki, yoghurtdressingen med riven agurk og mynte som vert brukt i gresk mat. Mynte må stå i ruskebedet, og den bør eigentleg plantast i ei bøtte med eit ørlite hol i botnen som du grev ned, så invaderande er den. Den tek gjerne over heile hagen viss den får lov. Den kan haustast til seint på året, og blomstrane er vakre, så mange har mynte i hagen berre av den grunnen.

Rosmarin: Rosmarin høyrer også middelhavet til, og har ein kraftig furunålsaktig aroma. Den må brukast i små mengder, smaken kan lett bli for dominerande. Den passar perfekt til lammekjøt, til det italienske focaccia-brødet og mange andre gode rettar. Potetbåtar, vendt i olivenolje, finhakka rosmarin og salt/peppar kan steikast i ovnen på 200 grader i 40 minutt, og er godteri for ungane. Dekk botnen i langpanna med bakepapir før du steiker potetene. så sparer du deg mykje oppvask.

Knus eggeskalet frå søndagsegga, og grav dei ned rundt rosmarinen, det skal gje den ekstra aroma. Ta gjerne rosmarinen inn over vinteren i ei krukke, norske vintrar vert som regel for kalde for den. Du får kjøpt flotte oppstamma rosmarinar, dei er både nyttige og dekorative på ein gong.

Løpstikke: Løpstikke er lik oregano ei gammal krydderplante i Norge. Den har ein buljongliknande aroma, og vart difor kalla ”Maggiurt” i gamle dagar. Ein kvast løpstikke i kjøtsuppe eller i potetvatnet gjev ein deilig smak. Løpstikke bør som alle dei andre urtene haustast flittig, dei nye, spede skota er best, ialldall viss den ikkje skal kokast. Løpstikke er også ein ruskeplante, den treng ikkje noko særskilt stell anna enn hardhendt kutting, og den klarer seg gjennom vinteren utan problem.

Grasløk: Grasløk er ei av dei vanlegaste urtene i hagane rundt omkring, og den klassiske måten å bruke den på er i eggerøre, i løksaus til skinke og nypoteter, og hakka i salatar og gryter. Blomstrane er også etande, prøv å lage kryddersmør med grasløkblomar! Det smakar kjempegodt, og ser pent ut på bordet. Sist eg skulle bort,  og lagde aioli til festen, pynta eg den med grasløkblomar. Stor suksess! Grasløken bør også klippast ned eitt par gonger i løpet av sommaren, til dømes før du reiser på ferie. Den toler også godt frysing, så eit glas med finklipt grasløk er kjekt å ha i frysaren gjennom vinteren. Då kan du når som helst lage eggerøre med ordentleg grasløk, ikkje den triste, tørka utgåva. Lukke til med urtehagen!

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

14 Comments

  1. Å, så fint innlegg for nyblitt kolonihagedame! Blir nok lite urtebed i år, for mykje anna dildall som må gjerast, og veit ikkje kor eg skal ha de forskjellige plantane. Men eg har jo lyst til å plante ALT! NO! Men skjønner at det kan være greitt å legge en liten plan, og tanke seg litt om. Lurt å dele inn i ruskebed og finbed.
    Og asparges.. det vil eg også ha i hagen! Korleis kjøper ein dei? Som planter, frø?

  2. Asparges brukar dei ha på skajems hagesenter på Ris og på dei store gartneria. Du kan og få tak i frø, men det tek tre år frå dei frør seg til du kan byrje å hauste. Lenge å vente altså. Plantane som er til sals er to år, og dermed har du spart litt tid. Lag deg eit stort ope bed med mykje sand blanda i jorda. Kvar plante bør ha ein plass på 40 cm diameter, og du bør ha seks til åte plantar for å få ei mengde som monnar litt. Eg har tre plantar, og dei held eigentleg berre til snacks, eg må supplere frå butikken for å få nok til eit måltid.

  3. Man kan også lage vidunderlig ananassorbet med koriander (og en skvett vodka, så den ikke blir stivfrossen så lett). Mos ananas og koriander i matmølle med sukkerlake og vodka, og frys ned hele greia. Superfrisk og enkel dessert!

    (Folk lurer på hvorfor jeg har så mye sprit stående på kjøkkenet. Det er a. fordi det er den vonde spriten som bare går i mat, og b. fordi det er så mye mat som blir så mye bedre med en klunk av et-eller-annet.)

  4. Takk for urgreiing og mange gode råd! Fekk skikkeleg lyst til å plante urter no..må ta meg ein tur og få tak i frø.

    I dag skal vi ha enkel og grei middag med fiskekakeburgerane du tipsa om for litt sidan, takk for tips igjen:-)

  5. Unsepus says

    Jeg har ikke hage, men en rikholdig altan. I fjor hadde jeg urtekrukker på altanen, med blant annet rosmarin, salvie, timian og gressløk, men dessverre var det ingen som overlevde vinteren. I år skal jeg prøve å dekke litt til med granbar!

  6. Grasløk, mynte og oregano bør overleve i ei romsleg potte. Dess meir jord, dess større overlevingsevne, er mi erfaring. Husk å ha god drenering (t.d. lecakuler med ein gamal handduk over for å hindre at jorda sig igjennom), det aukar sjansane for at dei overlever. Timian er nok av det kjenslevare slaget, og vil få problem. Men prøv med granbar!

  7. Tusen takk for ein flott gjennomgang! Vi er i ferd med å planlegge hus ( http://www.kjersti70.wordpress.com ), og urtebed er noko som eg så absolutt skal ha. Eg gler meg nesten mest av alt til dette! 😀 Eg skal ha to eller tre bed i store kassar som går gjennom terrassen (for drenering). Veldig greit at du nå har definert for meg kva urter som kan stå saman! 🙂

    Vi er veldig glad i indisk og arabisk mat i vår familie, så koriander er vi veldig glad i. Og så gler eg meg storleg til å endelig kunne ha fri tilgang til så enkle ting som persille og grasløk; einkvar norsk heim skal jo ha dette 😀

  8. Åh, det er så fint når man googler noe man lurer på, også ender opp hos noen man kjenner! Jeg sitter og planlegger veranda og kjøkkenbenk-urtebed, og dette var veldig hjelpsomt. Hvor mange av disse sortene bør stå inne hele veien om jeg bare har veranda?

  9. Berre basilikum. Alle andre kan stå ute heile året unntatt timian og rosmarin, som bør få kome inn om vinteren viss dei står i potte. Sørg for å ha store og gode potter som er frostsikre.

  10. jonte says

    Hvor får man kjøpt urteplanter man kan plante ut hjemme? Går det an å bruke de man får i matvarebutikken, eller er det bedre å oppsøke et gartneri?

  11. Tonje says

    Hei Jonte

    Det er flotte urter på Mester Grønn for tiden. Jeg har plantet ut Rosmarin, Timian og Salvie allerede. Satser på at det går bra i år igjen. Gressløken som kommer opp på tredje året ble kjøpt på Meny..Lykke til!

Leave a Reply