Musikk
Comment 1

Noko av det kulaste

Eg oppdaga Al Jarreau rundt 1980, på platebaren LaLuna i Ulsteinvik. Der dreiv dei ei strålande plateforretning med tung vekt på jazzfunkpop, og amerikansk funk hadde ei høg stjerne blant kundane. Bror min baserte seg på ein femtilapp; så hadde han nok pengar til bussen fram og tilbake pluss ein diger kjekssjokolade som han kunne spise saaaakte medan han høyrde på musikk. No høyrde han rett nok meir på Deep Purple enn Al Jarreau, men det er ei anna historie.

Den første plata eg kjøpte var This time, som kom i 1980. Den vart spelt i fillebitar, og då Breakin» away kom året etter var eg nær eufori. Bandet han hadde med seg på desse platene var av verdsklasse, med George Duke, Steve Gadd, Abraham Laboriel og Stanley Clarke for å nemne nokre få. Alles erste Klasse. 

Al Jarreau er vel først og fremst kjend som vokalekvilibrist, og eg veit ikkje om nokon som scatsyng som han. På This time gjorde han denne versjonen av Chick Corea sin Spain, og det gjer han  på ein utruleg imponerande måte. Han har i tillegg vore med å skrive teksten, som er lagd spesielt til denne versonen. På denne konserten, som vart halden i 1990, har han framleis med seg delar av det faste bandet sitt, og særleg trommesoloen til Steve Gadd er heilt utan sidestykke. 

Spain er ei vidarebearbeiding av verket Concierto de Aranjuez for gitar og orkester av Joaquín Rodrigo frå 1939. 

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Takk for koselig besøk på bloggen min. Gleder meg over at du likte historien om Les Mourides, kanskje kommer det en ny historie snart… (samme dokumentar-serie viser i kveld en dokumentar om Romer folket i Paris). Og sist, men ikke minst, nå oppdaget jeg en ny blogg!

Leave a Reply