Allergi, Billig mat, Mat, Tilbehør, Veggis
Comments 20

Urtesalt frå hagen

Kva skal ein bruke alle desse urtene til? Enkelte av dei kan vekse seg høge på kort tid, og allereie no treng nokre av mine å bli tukta ein smule. Som eg sa i går, dess meir ein brukar, dess meir avling får ein seinare i sesongen.

Eg brukar å lage urtesalt av mine urter. Det går med mykje urter til ein slik prosess, så når eg kappar ned løpstikke og persille som blomstrar blir eg kvitt ein heil del. Dette er ei stor oppskrift, men kor mykje det blir til slutt er eg ikkje sikker på. Urtesaltet står framleis i omnen til tørk! 😀

Her er det eg byrja med: Ein bunt sitronmelisse, eit knippe grasløk, masse løpstikke, masse bladpersille, litt kruspersille og nokre salvieblad. Salvien skal blomstre, og då er den så vakker at eg får lage urtesalt av den seinare når den er avblomstra. Den er som hortensia, og blomstrar på fjorårsgrein.

Fordelen med å lage sitt eige urtesalt, utover det faktum at du får brukt opp urtene, og det er rasande billig, er at du veit akkurat kva som er i urtesaltet. Du slepp å vere uroleg for MSG, gjærekstrakt, skummamjølkpulver, gluten, palmeolje og andre artigheiter som dei store industrielle produsentane har i urtesalt og buljong. For allergikarar er dette den enklaste måten å få eit trygt og velsmakande krydder utan å vere redd for allergiframkallande ingrediensar. Mi venninne med masse allergiar får ein pakke heimelaga urtesalt til bursdag og jul, og er sjeleglad for det.

Husk på alt det spiselege ugraset vårt og. Både skvallerkål og brennesle kan gå i dette urtesaltet, skyll begge delar godt først, brennesle i vatn som nyleg har kokt opp.

Urtesaltet kan brukast i alle rettar der du elles ville ha brukt buljong, og på alle rettar der du normalt ville brukt salt pluss krydder. I denne oppskrifta er det ca. halvparten salt, så viss du normalt ville hatt ei teskei salt i ein rett kan du ha i snautt to teskeier av dette urtesaltet. Du treng etter mi erfaring litt mindre fordi det er så intenst smaksrikt.

Bruk endeleg ikkje noko finsleg jålesalt til dette urtesaltet. Dette er ikkje tidspunktet for å ta fram det fine, flaksaltet frå Bretagne. Eg brukte mitt defaultsalt på kjøkkenet, alminneleg grovsalt. Eg brukar det til pastavatn, i gryterettar og i all mat som skal koke litt.  Men eigentleg trur eg du får eit betre resultat med vanleg finsalt, det kan bli litt klumpar av grovsaltet som du ikkje heilt får knust.

Slik gjorde eg det:


Urtesalt

200 g urter

ein paprika

Ein løk, til saman 150 g løk og paprika

200 g salt

Rens paprika og løk. Del dei i mindre bitar. Rens urtene for dei grovaste stilkane. Ha ein bunt urter, ein neve salt og grønsakene i matmølla, og køyr det glatt.

Ha i meir urter og meir salt. Eg køyrde dette i tre ladningar, men eg lagde dobbel porsjon. Når dette er ferdig er det ein glatt, grøn graut. Spre grauten ut over eit bakepapir eller silikonpapir, og legg det på eit omnsbrett. Sett omnen på 50 grader med varmluft, og sett inn brettet. La ei sleiv stå i døra, slik at fukt slepp ut.

La det stå til det er tørt, og ser ut som knekkebrød. Knus det med ei sleiv viss du vil ha urtesaltet grovt, og i hurtigmiksar igjen viss du vil ha det fint. Då blir det nesten som støv.

20 Comments

  1. kjersti70 says

    Du burde hatt kongens fortenestemedalje dinglande i skjorta. Denne kjem eg heilt sikkert til å bruke. Må berre få til denne urtehagen da 🙂

  2. Hei!
    Utrolig flott oppskrift!! Hvor lenge holder dette urtesaltet seg? Med tanke på å lage til høsten og gi bort til jul..var min idè.. Dette er perfekt for meg som har gluten og melkeallergi,og jeg liker å spise ting jeg vet hva er..uten en hel haug med tilsettningsstoffer.
    Takk og klem 🙂

  3. Så lenge det er knusk tørt held det seg utruleg lenge. Eg brukar framleis av det eg lagde for to år sidan, og det smakar veldig godt. Ha det i eit glas med tett lok for å bevare aromaene.

  4. Elisabeth B says

    Fantastisk spennende oppskrift! Jeg har smuglest bloggen din lenge, men nå måtte jeg bare kommentere 🙂 Dette er definitivt noe jeg skal prøve i løpet av sommeren, og du skal ikke se bort fra at det blir julegaver til diverse venner av dette i år.

    Hjertelig takk!

  5. Pingback: Urtesalt, roser og klematis « Hagen på Hytta

  6. Takk for oppskriften. Dette tror jeg sannelig at jeg må prøve. I tillegg til å ha rimelig god tilgang på «vanlige» urter har jeg ubegrenset tilgang til både skvallerkål og brennesle. Jammen godt at det kan brukes til noe 🙂

    Når jeg tenker meg om brukte jeg skvallerkål som erstatning for spinat i pai en gang for lenge siden og smakte helt fortreffelig.

  7. Åh så lurt, dette må jeg prøve (har massevis av urter i hagen!) Takk for tips =)

  8. Pingback: Urtesteikt laks « Alt godt

  9. Pingback: Laurdagspizzaen « Alt godt

  10. wenche says

    har du forsøkt å tørke urtene først for deretter finmale og blande i saltet?

    • Nei, eg har ikkje det, men det går sikkert heilt fint viss du skal bruke berre urter. Eg brukar løk, paprika og slikt i tillegg, og då blir det litt vanskeleg å tørke urtene først åleine.

  11. Pingback: Haustavrunding i hagen « Alt godt

  12. Pingback: Persillebakt sei « Alt godt

  13. Tone sæther says

    Herlig oppskrift! Har du forsøkt å lage bringebærsalt? Vet har du oppskrift som du vil dele?

  14. Bringebærsalt har eg ikkje prøvd, men det var jo ein morsom idé. I Barcelona såg eg ein «vegg» full av smaksett salt, der det også var mange søte variantar. Eg ser for meg at det kan lagast på same måte som urtesalt, altså blande salt og usøta bærsaft, tørke det som knekkebrød, og så knuse det. Eller ein kan tørke bæra først, og så blande saman knuste bær og salt. Då vil nok ikkje smakane blande seg så godt, kanskje. Men kva brukar du det til?

  15. Pingback: Urtesalt 2014-utgaven « Hagen på Hytta

Leave a Reply