Fredag, Grønt, Musikk
Comments 4

Alt på ein gong

Er det ikkje typisk? Alt det hyggelege, fine, morsomme skjer på same tid. Det slår ikkje feil. Denne helga kokar det av arrangement i byen, og problemet med å dele seg er uløyseleg, så harde prioriteringar må til.

I botanisk hage er det Åpen dag på søndag, og både botanisk sjølv og mange andre har plantesalg der. Sjansane for å finne noko som Plantasjen ikkje har høyrt om ein gong er overhengande.

Det er open dag begge dagane på Ramme gård også, Petter Olsen si “vesle” perle ved Oslofjorden, mellom Drøbak og Hvidsten. Ramme gård er heilt fantastisk, hagen er ei oppleving og det er guida turar gjennom den kvar time. Pass på å få med deg den erotiske hagen, den er spektakulær!

At St.Hanshaugen er eit kjendistett område er opplese og vedteke som sanning. Kjendisar må gå på mange festar, (puh, så slitsomt… 😉 ) og må dermed ha nye antrekk rett som det er.

Dei mest velkledde damene i byen, også kalt Jentene på haugen, har bakgårdssalg laurdag kl. 13-19. Det du ikkje finn der er ikkje verd å ha, iallfall viss du er mindre enn storleik 40. Dei har sikkert mykje flott tilbehør, så det er nok litt for oss over str. 40 og. Du finn meir info her.

I tillegg er det musikkens dag, med spennande konsertar over heile byen, med tenåringen spelande Abba i Sofienbergparken kl. 13:45, blant anna. Noora Noor spelar på Christiania torg kl. 14:15 og Ila Auto same stad kl: 16:30.

På Olaf Ryes plass spelar den søte Julius Vinger kl. 15:30, og Samsaya går på scenen på Morradi sannsynlegvis ikkje presis kl. 20:00.

Så då er det berre å prioritere strengt, legge ein plan, springe beina av seg og kose seg heile helga.  Meg finn du på Botanisk i morgon 13-15 på Hagegal sin stand, og på Ramme på søndag, tenker eg. Eg ynskjer alle som stikk innom ei strålande helg!

This entry was posted in: Fredag, Grønt, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Åh, neste år skal jeg jammen dra til Botanisk Hage på plantesalg. Har aldri hørt om det før! Fant du noe fint?

  2. Masse, men lite vart med heim, eg hadde sykkel… 😉 I firetida var det virkeleg sjansar for store kupp, då ville alle pakke saman og dra heim med minst mogeleg plantar.

  3. Tiril says

    Linken (Du finn meir info her.) funker ikke. Hva er nettsiden?

  4. Det er ei lenke til ei facebookside, så du må vere logga inn der for å sjå den. Sjekk om den virkar no.

Leave a Reply to Tiril Cancel reply