Billig mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Veggis
Comments 4

Dei enklaste kjeksa – engelske Shortbread

Tiåringen skulle gjere engelsklekse, og kva er vel meir på sin plass enn å bake shortbread? Han kom heim med oppskrift på engelsk frå engelsklæraren, og gjekk i gang med friskt mot. Sjølv om handmiksaren var det morsomaste, og den fekk køyre litt i fri, så vart det faktisk kjeks av det.

Den klassiske oppskrifta på shortbread, som er skottane sitt nasjonale tebrød, er ein del sukker, to delar smør og tre delar mjøl. I gamle dagar vart det vanlegvis laga med grovmjøl, men i dei seinare åra har det blitt mest vanleg å lage med fint mjøl. Shortcake er ein slektning, det er shortbread med hevemiddel og gjerne ei smakstilsetjing i form av frukt eller krydder.

Tiåringen og eg vart samde om at vanilje sikkert ville heve shortbreada til nye høgder, og i tillegg grov ho mor i skuffene og fann fram perlesukker. Det byrjar nok å dra på åra, dette perlesukkeret, men det kan ikkje gå ut på dato, kan det vel? Eg vart reint imponert over guten min, det var ikkje mykje rettleiing han trengde. Slik gjorde han det:


Shortbread

125 g smør

55 g sukker

(1ts vaniljesukker, helst med ekte vanilje)

180 g mjøl

Eit egg

1 dl perlesukker

Set omnen på 180 grader, helst med varmluft. Sett bollen på vekta, og mål opp sukkeret direkte i bollen. Ha i vaniljesukkeret. Skjer smøret i terningar, og ha det i bollen saman med sukkeret.  Bruk ein handmiksar, og pisk sukker og smør til det er lyst og luftig. Ha i mjølet litt og litt medan du køyrer miksaren på låg fart til du har ein passe deig. Deigen må ikkje eltast for lenge.

Strø bakebordet ditt med mjøl, og vend bakebollen over slik at deigen kjem på bordet. Form deigen til ei flat, rund kake, og kjevle den til den er ca. ein halv centimeter tjukk. Stikk ut rundingar med eit glas, eller skjer ut snippar med kniv.

Legg kjeksa over på eit bakebrett med bakepapir, og pensle dei med eit samanpiska egg. Strø på perlesukker, og steik kjeksa på 180 grader i 12-15 minutt, til dei er pent brune.

Vi steikte ein runde med varmluft og ein med vanleg varme, og dei med varmluft vart jamnast steikte. Dette kan sikkert variere frå omn til omn, så prøv deg fram, og noter ned det som vart bra hos deg. Server kjeksa med te til, eller eit glas mjølk.

4 Comments

  1. Se der ja. Lekre kjeks! Jeg elsker typen tørre småkaker, og har printet oppskriften.
    Ønsker både deg og den søte bakeren GOD HELG!
    Pludrehanneklem

  2. Oi, så deilig. Kult med lærere som sender slike oppgaver med hjem, man lærer gjerne mer dersom man har det gøy samtidig. 🙂

Leave a Reply