Grønt
Comments 4

-Og så litt reklame.

Eg driv vanlegvis ikkje med det, men nokre ting fortener å bli reklamert for, og då let eg prinsippa fare. 

Viss du er i Oslo, køyrer opp Maridalsvegen, og svingar inn i Carl Kjeldsens vei, finn du eit lite blomsterutsal i Carl Kjeldsens vei 79. Der held den hagegale Ragnhild på med blomane sine, og for nokre blomar! Ho plukkar ut plantane som om ho skulle ha dei til sin eigen hage, ho seg stiklingar og ho har eit utval av fuchsia som er til å døy for. 

Der finn du plantar og vekstar som Plantasjen ikkje ein gong har høyrt om, stauder, sommarblomar og urter omeinannan. Dersom det du kjøpte i april byrjar å bli litt pjusk no, bør du ta turen til henne. Denne veka har ho sommarsal, for ho held på berre fram til jonsok. Sjansen for å gjere plantekupp er overhengande. God tur!

juni 2009 098

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. ja skulle gjerne vært innom Raell ja, og kjøpt noen lekkerbiskner! ;D

  2. Men hvor lenge har hun oppe, har hun fortsatt ope nå så sent i juni? Og hva er åpningstidene? Vet du?
    Klems

  3. Som eg skriv over avslutta ho ved jonsok, altså St.Hans. Du kan jo sende ein pm på gal, og høyre om ho har nokre skattar att. 😉

  4. Uff, jeg er visst blind. Ble så glad at jeg ikke rakk å lese hele meldingen!
    Sorry og takk for svar! 🙂

Leave a Reply to Lin Cancel reply