Billig mat, Fest, Heidi, Noko søtt, Veggis
Comments 4

Terter på 1-2-3

I dag har Heidi lagd lekre små terter, som ein kan lage på førehand og ta fram om ein skulle få gjestar. Dei er også fine små porsjonsdessertar når du har sommarselskap. 

Alt godt

Dette er godsaker ein sommardag til ein kopp kaffi eller te. Du fyller terta av det du måtte ha av vekstar rundt deg. Bær, frukt eller noko hermetikk frå skapet, eller kanskje ein kombinasjon. Frukta kan leggjast på ei seng av vaniljekrem – viss det er til fint. Du kan lage desse så kunstferdige du vil og du kan gjerne pensle dei med litt halvstiv sitrongele til slutt. Tertene kan du lage i god tid i førvegen, oppbevare dei i ein boks og ta dei fram etter behov. Deigen kan og oppbevarast i kjøleskåpet over lengre tid.

Det var vanleg før i tida å lage tørre kaker til sommaren. Kvinnfolka hadde då ofte lite tid på kjøkenet, for det var mykje utearbeid som måtte gjerast. Dei bakte opp tørrkaker i god tid før slåttonna byrja, og dei fylte gjerne ei heil lita meierispann med godsakene. God mat har alltid vore viktig del av eit arbeidsfellesskap, og alle fortente noko godt etter ein hard arbeidsdag ute!

Stort bordSmå fruktterter

100 gram sukker

200 gram smør eller margarin

300 kveitemjøl

1 egg

 Bland sukker og kveitemjøl og kna inn margarinen. Tilsett egget og gjerne litt vatn om deigen vert for hard. Smelt margarin og pensle sandkakeformene eller andre små former med smelta margarin. Strø på litt mjøl slik at dei ikkje set seg fast. (Det brukar dei i grunnen ikkje å gjere.) Så får du pynte dei slik du vil. 

4 Comments

  1. Maiblomst says

    Mm! Skikkeleg «sommar i hagen kaker». Desse må prøvast!

  2. TerraDiva says

    Lekkert og ganske lettvint egentlig. Hvor lenge skal de stå hvor i oven, og hvor varmt? Tror jeg må prøve dette en dag jeg får «ånden over meg»

  3. Her har ho heidimor vore litt kjapp. Eg ville ha steikt dei på 180 grader i 15-20 minutt, til dei er pent gyldne. Pass på, folk er forskjellige i handlaget, og har du trykt dei veldig tynt og fint ut kan dei bli ferdige før, og stå i fare for å bli brent i kantane.

Leave a Reply