Duft
Comments 7

Skapet mitt

Syrin utfordra meg til å vise fram skapet mitt, eg går ut frå at ho meiner det som eg har parfymer i.

IMG_7625Eg syns ikkje eg har så veldig mykje, eg veit om folk som har meir enn meg, men eg har kanskje meir enn lands-gjennomsnittet. 

Det skulle ikkje mykje styling til, men vanlegvis står dei store flaskene på eit brett av tauverk, så eg tok dei av det slik at også dei låge skulle synast. Det brettet brukar eg fordi det gjer det enkelt å ta ut alle på ein gong når eg har besøk av parfymeinteresserte. 

IMG_7626I den øvre hylla står alle dei store flaskene, sjølv om eg stort sett kjøper minste storleik når eg kjøper ein ny parfyme viss det finst ein liten. Eg byttar ofte, og brukar ikkje kvar duft intenst over lengre tid. Difor vil eg unngå at dei vert øydelagde slik dei kan bli viss dei står lenge. 

I hylla under står alle småflasker (under 30 ml), og prøvene i ammunisjonseskene sine. Trettenåringen har okkupert ein av dei, så eg må ha fleire. Dei to som står oppå kvarandre innerst til venstre er fulle.

Den mørke boksen til venstre er til alle strips som eg nyleg har hatt med meg heim, samt prøver som eg planlegg å skrive om. Den står vanlegvis ved sidan av datamaskina. 

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. kjersti70 says

    He he, eg er imponert! Både over organiseringa, men også mangfaldet! Sjølv har eg nok ikkje meir enn 7-8 parfymar, og mange av dei er altfor gamle blitt. I barnehagen til ungane mine er det ei som er svært allergisk mot parfyme. Ingen foreldre (eller barn) kan ha på seg parfyme ved levering og henting av barn. Nå flyttar vi snart til nye territorier, så då kan eg begynne med parfyme igjen 🙂

  2. Hihi!!! Ikkje så særlig mykje nei! Eg har to flasker som eg bytter på. Kanskje eg skal være så vill og gal og kjøpe meg ei til?

    Har du skrevet noko om Stevia? Kjøpte meg ei slik plante nemlig. Og tygg no på den innimellom. Spennende er det.

  3. Kjersti70: Gamle parfymar treng ikkje bli dårlege, men nokre blir det. Eg har ein Beautiful som har gått over toppen, den har blitt spissare og litt syrleg. Då bør dei kasserast. Det er gøy å prøve nye, men gjer det når du har god tid! Elles kan det godt bli feilkjøp. Eg skriv litt om det her: http://altgodt.wordpress.com/2009/02/15/a-prøve-og-a-fa-prøve/

    mykstart: Viss du trivest med dei to så er jo det strålande, nokre har berre ein, og er lidenskapeleg glad i den. Men viss du har lyst til å fornye deg så er det mange å velje imellom, iallfall.

    Du kan byrje med å tenke nøye igjennom kva du syns om dei du har, kva dei får deg til å føle, og korleis omgjevnadane reagerer når du har dei på deg. Så kan du tenke igjennom om du vil ha noko anna, eller om du trivest med den stilen du har valt.

    Ofte kan det vere fint å dele parfymane inn i årstider, eg brukar iallfall heilt forskjellige parfymar om hausten og vinteren enn eg brukar på våren og sommaren. Dag- og kveldsparfymer er det mange som har, det er ikkje eg så nøye på. Har du berre lette parfymar kan du vurdere om du vil ha nokon som er meir søtlege, varme eller krydra, og vice versa.

    Stevia har eg ikkje skrive om, men eg veit at mi hagevenninne Lene veit mykje om det. Sjekk ut her: http://nuftenoft.wordpress.com/

  4. Bente says

    Imponerende! Ser at jeg med min ene parfyme er altfor pinglete…. så det må jeg definitivt gjøre noe med…. 😀 Mitt problem er derimot at jeg er altfor kresen og at jeg synes der er dødsvanskelig å velge. *sukk*

  5. oline says

    Hei
    Jeg er mektig imponert. Selv har jeg to flasker. En jeg ikke bruker fordi jeg fikk den av eksen. Boucheron. Ekte parfyme, så jeg har ikke kasta den selv om den er gammel. Ser ut som et smykke og ligger i en blå fløyelspose. En helt utrolig duft. Den krever mer enn en småbarnsmor kan klare. Den andre parfymen kjøpte på danskebåten i 2004. Hugo Boss Woman. Den er litt greiere i hverdagen. En må ha noe som funker, synes jeg.

  6. Virkelig et vakkert syn. Noe felles der, kan jeg se – men det visste jeg jo forsåvidt fra før. Jeg la inn en prøvebestilling i går, og må definitivt vurdere ammoboks 😆

Leave a Reply