Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Bollebrød og fisk

I dag har Heidi skrive om kvardagsmat, ho lagar bollebrød til eit heilt fotballag og ei lettvint fiskeform som lagar seg sjølv i omnen medan vi turboane driv på med andre ting. 

Alt godt

Eg har laga mange bollebrød i det siste. Dei er supre til kokte margbein av reinsdyr og til å få i seg kjøtbuljongen som du et eller drikk ved sidan av. Du dypper eit stykke bollebrød i kjøtbuljongen og super i deg herligheita.

Men berre gløym det med reinsdyr, ikkje alle har eit reinsdyr liggande i frysaren. Det er like godt å ha rørt jordbærsylte iblanda rips frå i fjor oppå bollebrødet. Eg lager deigen i kjøkkenmaskin og doblar oppskrifta. Dermed får eg to brett og kan fø eit heilt fotballag.

Så er det slik at forma passar akkurat nedi eit plastbærenett og du kan frakte bollekaka dit du vil. Du kan endåtil plassere ho på bagasjebrettet på sykkelen din og suse rundt med ho i skog og mark, berre du beheld ho i forma eller at ho er frosa.

Eg prøver altså på alle måtar å få i meg kvardagsmat for tida. Etter at eg har vore i 4-5 konfirmasjonar i mai og juni er magen i ulage og eg tenkjer at fisk og brød er tingen. Derfor fann eg fram denne oppskrifta med fisk og grønsaker. Eg tenkjer at kvardagsmaten er best!

Bollebrød

50 gram margarin

7 dl vatn

50 gram gjær

1 ½ ts salt

1 ss sukker

1 egg

ca. 17-18 dl sikta kveitemjøl

Smelt margarinen og tilsett vatn. La dette verte 37 grader. Smuldre inn gjæra og ha i salt, sukker og eit lettpiska egg. Tilsett mjølet til slutt. Ta ikkje i alt mjølet på ein gong. Kjenn på deigen etterkvart som du har mjølet i slik at deigen ikkje vert for hard men heller ikkje for laus. Forhev han i 30 minutt under eit klede. Legg deigen på bakebordet med litt mjøl under og del deigen i tre. Rull ut tre tjukke pølser og del kvar pølse i 10 stykker.

No har du 30 emne som skal rullast til runde bollar. Sett desse side om side i ei langpanne som tilhøyrer komfyren din. Bruk gjerne bakepapir under eller smør forma godt. Du treng ikkje sette dei kjempetett fordi dei skal heve i ca. 25 minutt og då hevar dei seg på ein måte mot kvarandre. Berre hev dei godt, det gjer dei luftigare.

Pensle bollane med eggemjølk eller berre mjølk og strø sesamfrø, valmuefrø, solsikkefrø eller havregryn over dei. Steik bollebrødet midt i omnen på 220 grader i ca. 20 minutt. Pass på at dei vert passe steikte.

Bakar du dei i ei kjøkkenmaskin kan du like godt doble oppskrifta og lage to. Kven veit, kanskje kjem fotballaget ditt på besøk før kvelden er omme. Om ikkje, frys brødet ned og overrask svigermor.

Fisk i form med grønsaker

½ -1 brokkoli

½ -1 purre

½ boks mais

5-600 gram sei eller anna kvit fisk.

Strø over salt og pepar og evt. anna krydder som du måtte ønskje. 

3 egg

2 dl mjølk

1-2 tomater

Litt riven kvitost på toppen.

Smør ei eldfast form med margarin. Legg godt vaska grønsaker i bitar i botn på forma. Så legg du bein- og skinnfrie fiskestykke over grønsakene. Bland egg og mjølk lett saman og slå over. Skjer tomatane i skiver, legg dei utover og ha riven kvitost på toppen. Gratiner forma i omnen på 200 grader i ca. 40 minutt. Sjå etter at det ikkje svir seg og sjekk at ho er ferdigsteikt før du tek ho ut av omnen. Størrelsen på forma avgjer du sjølv etter kor mange som skal til bords. Server kokte poteter til. Du treng ikkje salat til, for her er så rikeleg med grønsaker i forma. Bon apetitt!

This entry was posted in: Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply