Duft
Comments 2

Damer med pistol

Hagen på hytta skriv om Juliette has a gun Lady vengeance, ein av parymekreasjonane til Romano Ricci. Ja, han er barnebarnet til Nina Ricci. Han har fått med seg Francis Kurkdjian til å skape duftene, min helt etter at eg forsto at det er han som har lagd Narciso Rodriguez for her EdT og Fleur de Male.  Konseptet er tiltalande syns eg, rocka og romantisk og tidlaust på ein gong.

juliettecqueenEg har prøver på to av Juliette-duftene, Citizen Queen og Miss Charming. Citizen Queen er ei bombe, den lukta kjøttaktig, som uvaska dame og som døyande roser i ein vase.

Når eg seier uvaska så er ikkje det heilt presist, for den har eit hint av såpe og, men den luktar så kroppsleg og animalsk at det virkar som om det er ei stund sidan den såpa vart brukt.

For meg fungerte den ikkje i det heile.  Den var så «in my face» at eg måtte skrubbe den av med ein gong. Beklagar, Francis. 

missMiss Charming følgjer namnet sitt, den er også ei roseduft, men ei ung utgåve. Den er fruktig, med eit hint av jordbær og litchi. I basen er det litt musk og mose, men det overordna inntrykket er feminint, nesten jentete.

For meg minner denne fruktige kombinasjonen om fiol, altså ikkje noko for meg. Men på ein trettenåring vil den heilt sikkert gjere stor suksess. 

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Ah – samarbeid altså? Det fant jeg ikke i farten da jeg skrev min post. Det kommer omtaler av «dine to» etterhvert også. Artig med den CQ-en. Jeg hadde ikke det inntrykket du har fått, men så prøvde jeg den ikke på heller. Det er jo det som er selve clouet, da.

  2. Og jeg har en prøve på Lady vengeance, som ikke fungerte på meg. Og etter det du skriver, er det ikke spesielt fristende å prøve flere egentlig

Leave a Reply