Billig mat, Fest, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Sausar og dippar
Comments 3

Den enklaste desserten

Dessert til mange er alltid ei utfordring. Eg er glad i frukt, men er ein smule lei av den klassiske fruktsalaten, sjølv om ein legg sjela si i å lage ein god lake og alt det der. 

På festen vi hadde her heime her om dagen lagde vi fruktspyd med rømmesaus. Det var ein stor suksess, lett å spise, visuelt spennande og passe friskt etter eit stort måltid. Dette er ein kjempefin dessert i barnebursdagar, bursdagsbarnet kan sysselsettast med å sette saman spyda så har du fred for eventuelt mas ei periode. 😉

Denne oppskrifta vart meir enn nok til 15 personar, kvar fekk to spyd. Alle spiste ikkje to med det same, men utpå kvelden var det mange som tok seg eitt til. Rømmesausen serverte vi på ei lita skål som sto på plassane då folk sette seg. Sitronmelisseblada gløymde vi i farta, slikt skjer når ein lagar MYKJE mat på kort tid. Slik gjorde vi det:

IMG_7594Fruktspyd

30 grillspyd

2 korger jordbær

1 kg druer

Ein vannmelon

Ein honningmelon

Ein ananas

Sitronmelisseblad

Del vannmelonen i to. Grav ut bitar av fruktkjøtet slik at du bevarer skalet heilt. Rens all frukta. Del opp frukta i passe store bitar. Tre bitane på spyd med sitronmelisseblad imellom. Stikk spyda ned i det eine vassmelonskalet som er vendt opp ned. Server med rømmedip.

Rømmedip

3 beger creme fraiche

6 ss melis

1 ss ekte vaniljesukker

Saft og rive skal av ein halv sitron

Vask sitronen grundig, og tørk den. Riv skalet av halve sitronen, og press safta av den. Pisk saman det heile. Smak om det trengst meir melis. Denne rømmedippen kan brukast i mange samanhengar, på jordbær, som saus på sjokoladekaker eller brownies, eller til ein bringebærsorbet.

3 Comments

  1. Så deilig dette både høres og ser ut. En super idé – takk skal du ha!
    Pludrehanneklem

Leave a Reply to gneisCancel reply