Billig mat, Fest, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 7

Meir gresk

Når eg først har byrja klarer eg ikkje å stoppe. Her har du to deilige, greske tilbehør til, ein salat med sjampinjongar og artisjokkar, og ostefylte tomatar. Lag begge eller ein av dei, dei smakar begge himmelsk. Slik gjer du det: 

IMG_7701Gresk sjampinjongsalat

600 g små sjampinjongar

Ein boks artisjokkhjarte

1 dl olivenolje

½ dl eplesidereddik

4 dl vatn

1 ss pepparkorn

2 ts salt

1 ss hakka, frisk timian

2 ss tomatpuré

2 laurbærblad

3 løkar

Saft og skal av ein sitron
Skyll og tørk sitronen. Riv av skalet med eit sestjern, og sett det til side. Press safta av sitronen, hakk løken og kok saman alle ingrediensane til laken i 5 minutt. Sil laken. Legg sjampinjongane i laken, og la dei koke i ti minutt. Fisk dei ut, kok opp laken på nytt og slå den over sjampinjongane. La det heile kolne. Skjer opp artisjokkhjarta i båtar, og fordel dei over sjampinjongane. 

IMG_7692Fylte tomatar

12 bifftomatar

2 løkar

3 fedd kvitløk

300 g fetaost

150 g riven gul ost

150 g mozarella

100 g svarte oliven utan stein

1 dl strøkavring

4 ss kapers

Sett omnen på 200 grader. Kutt toppen av tomatane, og grav ut innmaten utan å skade sidene av tomaten. Sett dei opp ned på eit brett dekt med sugande papir. Hakk eller smuldre all osten i ein bolle. Finhakk olivenane, og bland dei i saman med kapers og strøkavring. Finhakk løken og kvitløken. Fres løken og kvitløken i olje. La det frese til løken er blank. Ta det av varmen, og vend det inn i ostemassen.

Så langt kan denne retten førebuast dagen før.

Ha ostemassen i tomatane,  og sett dei på eit eldfast fat. Bak tomatane i omnen på 200 grader i 20 minutt.

7 Comments

  1. Mmmmmm, så mykje god gresk mat! Eg skal lage nokre av desse rettane i helga…. gleder meg:-D Er veldig glad for å finne oppskrifter med alle slags grønnsaker etc. nå når kjøkkenhagen min stadig blir større.

  2. Husk at tomatoppskrifta er stor. Men det er ikkje verre enn at du kan fryse ostemasse som er til overs, og neste gong kan du t.d. fylle den i paprika, eller i uthula squash. Mmmm! 🙂

  3. Stønn .. Jeg blir helt «dårlig» av all den deilige greske maten. Har du noen gang laget mmm .. de deilige .. mmmmmmmmm .. ostepaiene de har der nede? Det er litt forskjellige varianter – Frityrstekte med en slags mørdeig rundt, og jeg har fått noe som ser mer ut som vanlig pai, stekt i panne. Sukk .. sikle

  4. Ågud, som du kan lage mat! Kommer gjerne og er din gjest :)) Flink, er du! Klem

Leave a Reply