Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør
Comments 3

Kvitløksbrød

Til salaten vi spiste i går lagde eg eit kjempeenkelt kvitløksbrød. På ein varm og slitsom dag måtte anstrengelsane begrensast mest mogeleg. Eg kjøpte halvsteikte baguettar, og lagde kvitløksbrød på den måten. Slik gjorde eg det:

smørKvitløksbrød til fire

2 vanlege baguettar

3 ss smør

2 kvitløksfedd

1 ss grasløk 

Nykverna peppar

Sett omnen på 220 grader. Viss smøret ditt ikkje er mjukt, så skjer det i tynne skiver og legg det på ein asjett, så mjuknar det kjempefort. Kna smøret med ein gaffel, og ha i pressa eller hakka kvitløk, peppar og det du måtte ha av urter, eg brukte grasløk. Du kan bytte ut grasløken med vårløk, purre, persille eller kjørvel, basilikum og timian passar og fint til dømes til pasta. 

brødSkjer loffane igjennom på langs slik at du får ei oppside og nedside. Legg nedsidene på dobbelt aluminiumsfolie. Smør på halvparten av kvitløkssmøret. Smør andre halvpart på dei to oppsidene, og legg dei oppå.

Brett opp kanten på folien, slik at smøret ikkje smeltar ned i omnen. Kvitløkssmør i botnen av steikeomnen er noko av det eklaste som finst, særleg når det blir varma opp omatt og omatt. 

Steik loffane i 8-10 minutt. Pass på at dei ikkje blir brende. Server med alt som er godt av saltmat. Ha ein fin dag!

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Jeg elsker hvitløksbrød til maten. Helt enig med deg at det er enkelt, man trenger ikke å kjøpe dem i butikken. Hjemmelaget smaker jo så mye bedre !!! Selv er jeg avhengig av SALVIE som ørt på brødet :-). Kjøper en vanlig formloff og deler den i tre på tværs, har du prøvd det?

  2. kjersti70 says

    Fint tips! Eg har ein kvitløkselskande cøliaker i familen, og har brukt glutenfrie baguetter og laga kvitløksbrød til henne på ein noko liknande måte. Då blir ho så glad 🙂

Leave a Reply