Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør
Comments 3

Berre pølser

Vi skal berre ha pølser i dag, tok eg meg i å seie. Pølser har blitt utskjelt mat, men jammen er dei gode å ty til når dagen er travel og ein må handle i ein butikk utan ferskvaredisk. 

potetsalatMen det er fullt mogeleg å servere pølser på ein måte som både smakar godt, og som ser lekkert ut. I dag serverer eg dei med ein potetsalat, ikkje ein av majonestypen med med olje- og eddikdressing. Det blir friskare, og færre kaloriar er det sikkert også, i den grad du er oppteken av det.

Etter at eg lokka lesarane mine ut på galeien med å saltsylte sitronar så må eg nødvendigvis by på oppskrifter der ein faktisk brukar desse sitronane. I denne potetsalatdressingen passar dei perfekt, så her blir du kvitt litt av glaset du lagde. 

Eg slo på stortromma, og linda bacon rundt pølsene. Den røykte smaken er god i balanse med den syrlege potetsalaten. Slik gjorde eg det:

IMG_7739Potetsalat

800 g nypoteter

2 ss salt

1,5 dl olivenolje

0,5 dl eplesidereddik eller kvitvinseddik

Salt (gjerne urtesalt, om du lagde det og) og peppar

Ei teskei honning

Ei teskei fransk sennep (eller annan sennep)

Skalet av to sylta sitronbåtar (finhakka)

2 ss finhakka lys stangselleri

1 ss finhakka gul løk

pølserKok potetene i godt salta vatn. Bland saman alt til dressingen, og smak til. Når potetene er passe varme til å handtere delar du dei i tjukke skiver. Eg skreller dei ikkje, skalet på nypotetene er så tynt likevel. Hell dressingen over, og la det stå medan du steiker pølsene. Lind ei baconskive rundt kvar pølse, fest med tannpirkarar (utan peppermyntesmak…) og steik eller grill pølsene til dei er gjennomvarme. Server!

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Pølser er ikke bare-bare. 🙂 Jeg syns pølser er godt, og dette var en riktig fristende variant. Takk!

  2. Nam, nam dette så deilig ut spesielt den potetsalaten!!! Må prøves,)
    Har hatt noen vakre dager ved middelhavet nå, bloggen fikk lagt ut innlegg automatisk, litt merkelig egentlig…

    Her er været aldeles nydelig og jeg har for første gang i år brukt sykkelen…Etter dager emd masse usunn mat fant jeg ut at dette må av og det fort! Skal bli deilig med lette salater fremover her nå, noen salat tips kanskje og..?

Leave a Reply to GundaM Cancel reply