Duft, Lykke, Musikk
Comments 5

Ein tur rundt i byen

Det er eit stort frynsegode å ha jobben liggande slik at ein kan sette seg på sykkelen og lunte sakte nedover Grünerløkka, irritere seg over fotgjengarane i sykkelfeltet i Markveien, nyte freden i Birkelunden og på Olaf Ryes plass, stoppe på Youngstorget og høyre på lydprøve med Hallelujah-kameratane til Sommaråpent i kveld og stikke ein tur innom parfymeavdelinga på Glasmagasinet. 

(Dei har ikkje fått altfor god kritikk, desse karane som syng firstemt, men ein ting skal dei ha, i motsetning til ein del andre som står og lagar lyd i sentrum; dei har øvd. Og dei har ein trommis som får til eit overbevisande Steve Gadd-trommeriff på 50 ways to leave your lover. Me like.)

Det er 30% rabatt på alt mulig av glas, servise, bestikk og gryter i første etasje og underetasjen i same sjappe, dei påstår at dei feirar 270-årsjubileet, men dei treng nok kontantar. Det ser ut som om dei er rana enkelte stader, men dei har masse fint igjen likevel.

Sjølv om det er eit år sidan dei opna oppdaga eg flaut nok først i dag at Kicks har opna parfymeri i første etasje hos Åhlens i Steen&Strøm-bygget. Der har dei alt i salig blanding, både det dyre og det billige, og det likar eg.

pinkDei har Lumene, Mavala og ein del andre merke som du finn i utlandet, men merkeleg nok ikkje så mange stader i Norge bortsett frå her. Og den klassiske ungjentedufta Pink Sugar is in town! Den har eg aldri før sett i Norge. Eg må innrømme at den liknar faretruande på Acqva e Zucchero, men til ein heilt annan pris…

This entry was posted in: Duft, Lykke, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Jasså så du er sjef på jobben du også, da er vi to men vi har vel med forskjellige typer å gjøre;)

    Snedig , ikveld var jeg hos en som faktisk hadde et enormt svært ruccolastaude i sin hage. Fantastisk! Men jeg konsentrerte meg mest om en urt som smakte av…LAKRIS!!! Elsker jo det, desverre,)

    Heldig du som kan sykle på jobb,)

  2. Jeg har heller ikke sett Pink Sugar her før. Hadde en flaske, men gav den bort. Den har mye til felles med Zucchero, men jeg klarte ikke å bruke den (Det klarer jeg fint med Zucchero 😀 ) Pink Sugar blir for mye for meg, mens Zucchero har mye uten å ha FOR mye 😀 Haha, for en klønete forklaring

  3. Bipbap: Eg kjente det etter ei stund, Pink sugar har ein syntetisk note som vert ganske smertefull etter ei stund, nesten metallisk. Zucchero berre er der, og vert aldri enerverande.

  4. Jakob: Ja, dei naturlege parfymeingrediensane er dyrare enn dei syntetiske – akkurat som på andre område. Ekte vanilje (som det er mykje av i Aqva) er dyrt, medan syntetisk vanillin er eit billig avfallsprodukt av tremasseproduksjon, og det er nok det som dominerer i Pink Sugar.

Leave a Reply to Alt godt Cancel reply