Allergi, Billig mat, Fest, Mat, Middag
Comment 1

Fetabakt laks

Dette er ein av dei mange rettane på det greske festbordet eg lagde for eitt par veker sidan. Denne kan varierast på ulike måtar, men utgangspunktet er laks og fetaost. Eg brukte salmalaks, den er lettvinn når ein skal lage mat til mange fort. Til kvardags brukar eg fersk filet, eller frossen i firepakkar viss eg har i frysaren (og huskar på å ta den ut).

Den er også fin til fest, fordi den kan førebuast langt på veg på førehand, og skal berre ein rask tur i omnen.

Eg lagar ein fetakrem med lys balsamicoeddik og svart peppar, den kan du gjerne også blande med urter viss du har lyst til det. Eg har lagd denne med geitefeta frå Sverige, det var perfekt for mi mjølkeallergiske venninne. Slik gjorde eg det:

laksFetabakt laks

600 g laksefilet

200 g fetaost

2 ss lys balsamico

Sitron og basilikumblad

Salt og peppar

Set omnen på 180 grader. Skjer opp fisken i passe store bitar. Legg dei i ei form som du legg bakepapir i botnen på. Dryss på salt og peppar.

Kna fetaosten med gaffel med balsamico og svart peppar. Fordel fetaostkremen på laksestykka. Så langt kan dette førebuast inntil 6 timar før det heile skal serverast. I så fall må forma stå i kjøleskap fram til den går i omnen.

fetalaksBak fisken i 15 minutt på 180 grader. Sett på grillen dei to siste minutta, slik at den får litt farge. Dryss på nokre opprivne basilikumblad, og kryst over litt sitron. Server med gresk salat og godt brød.

 

This entry was posted in: Allergi, Billig mat, Fest, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply