Billig mat, Fest, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 6

Grilltilbehør – bakt løk


Dette har eg lært av ei venninne, og for meg som elskar løk så er dette det perfekte grilltilbehøret. Når ein sekk med 5 kg løk kostar 20 kroner på Grønland, og du har urter i hagen, er dette noko av det billigaste du kan servere og. 

løkDu kan bake den i omnen, eller på grillen. Inne i den fine foliepakken blandar smaken av salt, urter og smør seg til ein perfekt smak for å balansere kjøtt, poteter eller salat. 

Datra mi påstår ho ikkje likar løk, så ho slepp å få ein slik pakke, men alle vi andre kosar oss med vår eigen pakke med bakt løk til grillmaten. Her kan du variere med urter og krydder. Eg har brukt salvie, men persille, timian, oregano og merian kan godt brukast. Litt løpstikke får og vere med, berre det ikkje blir for mykje. Slik gjorde eg det:

løk igjenBakt løk

Ein løk per person

1 ss smør per løk

Det du har av urter

Salt og peppar

Sett omnen på 200 grader, eller fyr opp grillen. Brett folien dobbelt, og legg den på benken. Skrell løken. Smør folien der løken skal stå, og strø på litt ekstra salt og peppar. Legg på løken, og ha det du har av urter i løkpakken.

Bak pakkane i omnen eller på grillen i vel ein halvtime. Pass på at varmen ikkje blir for direkte, på grillen har løkpakkane best av å ligge ut mot kanten. Server som tilbehør til grillmat, steikt fisk eller det du vil.

6 Comments

  1. Ååååå, elsker løk men dette har jeg aldri prøvd selv;) Takk for tips, igjen!
    og før bilder av løken kan du jo finne inne hos meg;D Hihi, ha en vakker dag, her regner vi bort idag ser det ut til, litt deilig med regn og!

    Likar

  2. Olivenolje kan også brukast, då vert denne mjølkefri. Noko feittstoff må det vere, elles svir løken seg.

    Likar

  3. mmm, det må jo være kjempe godt til grillet kjøtt! Man kan jo evnt bruke melkefritt smør. Sikkert godt med rødløk og noen dråper balsamicosirup?
    Takk for en fin blogg, til mye inspirasjon 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s