Humor, Lykke, Musikk
Kommenter innlegget

Eg slit med å tilgje meg sjølv…


at eg ikkje kasta meg opp på scena og dansa hjarta mitt ut då Angelique Kidjo spelte på Rockefeller i fjor, og ho inviterte alle som ville danse med henne til å bli med. 

Denne vesle, energiske, androgyne dama frå Benin er eit oppkome av musikk, rytme og sensualitet. Vi kjøpte plata hennar Ayé i 1996, eitt par år etter at den kom ut. Prinsessa som no er tretten dansa mykje til denne før ho kunne gå.

I 1998 var det fotball-VM, og det prega naturleg nok mediebildet ein del. NRK P2 hadde eit fint ettermiddagsprogram der Tango for tre hadde vignettane, og i dette programmet spelte dei Agolo, og vi dansa rundt på golvet på kjøkkenet slik vi brukte då vi høyrde den sangen.

Då sangen feida ut, sa programleiaren: Dette var Agolo Agolo Agolo med Angelique Kidjo. Det er beninsk, og betyr «Det der var vel for faen ikke frispark». Eg huskar at eg hadde problem med å forklare ho på to kva det var som var så morsomt. 

Dette opptaket er frå Newport Folk i 2006, og eg går i oppløysing når eg ser den søte vesle jenta som kjem opp på scena. Nydeleg! Dette er ikkje den beste innspelinga av songen, finn du cd-en så kjøp den, eller kjøp den på Itunes.

This entry was posted in: Humor, Lykke, Musikk

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s