Ferie
Comments 3

Nytt frå Bretagne

IMG_8194Har du høyrt at det skal vere stor skilnad mellom flo og fjøre på Bretagne-kysten? Det er heilt sant. 

Vi kom køyrande gjennom Pont L’Abbé, og i kanalen var det nesten ikkje vatn. Derimot var det ei lang rekke båtar som sto og balanserte på kjølen, og venta på floa. 

Her gjeld det å bestemme seg for når ein vil på båttur, og når du først er på båttur så er det ikkje så lett å legge til sånn heilt utan vidare. 

Dagens lunch vart spist på eit tradisjonelt creperie, så tradisjonelt at dei ikkje hadde meny på engelsk. Men triveleg var det, og gode pannekaker.

IMG_8198Nyskapande må vi seie, vi som syns vi er originale fordi vi et pannekakene med sitron og sukker. Her fekk vi dei med fløtestua sjampinjong, skinke og ei eggeplomme midt i, for sikkerheits skuld.

For min del kunne dei spart seg den, men det var ein del av pakken.

IMG_8218Middagen fekk tiåringen bestemme, og då blir det biff. Han er jo kjend for utsegna «Mamma, vet du hva jeg ikke skal bli når jeg blir stor? Vegetarianer!».

Biffen vart steikt slik biffar skal steikast, og med sopp og dampa bønner til vart alle mette og glade.

Kva vi gjer i morgon veit vi ikkje, vegen blir til medan vi går. 

 

This entry was posted in: Ferie

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Vegen er fin når den gåes slik. Sendte deg svar på blogg-meme, den må sikkert godkjennes fra søppelpost-mappa, ettersom den inneholdt flere enn to lenker.

  2. Hei! Havnet på bloggen din via en link på Bloggdamer på Facebook. Alltid gøy å ta et besøk på nye blogger 🙂

Leave a Reply