Ferie
Comments 4

Oceanopolis

Fredag var vi i Brest, ein times køyring herfrå. Brest er ikkje ein særleg sjarmerande by. Den manglar den gamle bydelen som er mange europeiske småbyar sine trekkplaster, den vart øydelagd under slaget om Brest i 1944.

Grunnen til at Brest vart øydelagd var at den var ein viktig marinebase, som tyskerane tok i bruk som u-båthamn. Dei allierte styrkane bomba difor byen tilbake til ingenting, og den vart bygd oppatt, dels for tyske pengar, i betong på femtitalet. Ikkje eit vakkert syn, altså.

Men den har andre verdiar, mellom anna eit fantastisk akvarisk sjøanlegg, Oceanopolis. Der tilbrakte vi fredagen, og storkoste oss med rare, skumle, fine fiskar og havdyr.

Ein treig ein:

IMG_8410

Ein søt ein:

IMG_8391

Ein stygg og diger ein, sikkert nærare ein meter:

IMG_8503

Ein styggpen ein, og diger denne og:

IMG_8389

Ein skummel ein:

IMG_8327

Ein endå skumlare:

IMG_8348

This entry was posted in: Ferie

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Kan ikkje dy meg, har trass alt studert fisk:

    Den søte ser ut til å vere ein art av pinnsvinfisk (ballongfisk, jf. Nemo). Har sett sånne i akvariar, og dei kan ha nydelege blå auer. Til gjengjeld har den omtrent mest potente gifta naturen kan frambringe 🙂

    Den styggpene og kan nok kallast napoleonsgylte eller maori-gylte.

    Den skumle er ein sagtannhai.

    Fine er dei alle i hop, synest no eg 🙂

  2. Hurra! Jeg fikk sett en virkelig flott havskilpadde som svømte rolig forbi meg i sommer… helt utrolig følelse!

Leave a Reply