Concarneau er ein kystby sør i Bretagne, med masse båtliv, bading og slikt når sola skin. I går gjorde den ikkje det, men vi trakk på oss regnjakker og dro dit likevel.
Den mest sjarmerande delen av byen er Ville Close, den vesle landsbyen som ligg inne i det gamle festningsverket for byen. Festningsverket vart bygd i to etapper, på 1500-talet og 1700-talet.
Festninga ligg på ein odde, som skiljer den kommersielle hamna frå fritidshamna, også kalt yacht-hamna.
På ein varm sommardag er det nok stuvande fullt i denne vesle byen. Sjølv om den ikkje var på sitt mest fotogene då vi var der er eg likevel glad for å ha sett den under rolege tilhøve.
Både St. Malo og Mont St. Michel var sterkt overbefolka då vi var der, så det var deilig å kome til ein “turistplass” der vi faktisk kunne fote oss.
Concarneau er ein av dei største fiskarbyane i Frankrike, med sardin- og tunfiskfangst som dei viktigaste fangstområda.
Det ser ein att i butikkane og i restaurantane, det er ofte steikte sardiner og ulike variantar av tunfisk på menyen, i tillegg til blåskjella, som ein får over alt.
Ville Close har blitt ein svært populær turistattraksjon, men heldigvis har styresmaktene i byen regulert ganske nøye kva type sal som får vere innanfor byportane. Difor finn du mykje fint handarbeid, klede i lokal stil og god mat.
Vi forelska oss i eit lite bakeri, som bakar kaker etter lokal oppskrift. Vi fekk med oss heim ei “Far de Breton”, ei kake som minner om eggestand eller risk, med saftige, marinerte svisker i.
Det var også mange isdiskar langs gata, så trass i knappe 15 grader i lufta og lett regn koste vi oss med forseggjort is med smakar som ein berre finn her.
Kva med bokkveiteis, til dømes? Eller salt karamell? Nydelege, begge to, helst i kombinasjon. Salt karamell med rista nøtter gav ein deilig, syndig følelse.
Viol såg lekker ut, men eg prøvde den ikkje. eg har problem med fiolparfyme, og tok ikkje sjansen på fiolis.
På kysten nedover mot Cornaceau var det tett med campingplassar, Gîtes (bondegårdar som tilbyr overnatting) og B&B som tilbydde overnatting. Så her er det mogeleg å finne ein rimeleg stad å bu også om ein ikkje byttar hus. Mange av campingplassane låg flott til ned mot sjøen og strendene.
den isen så jo superdigg ut!
(vet du, når jeg leste overskriften så leste jeg container, lurte fælt på hva slags skatter du hadde funnet 😀 )
Hei på deg!
Det ser ut til at dere har hatt en strålende tur. Det har vært en fryd å lese og å se på alle de flotte bildene! Takk for at du deler opplevelsene med oss 🙂
Iskremene ser bare fantastisk gode ut, men akk, inntak av sånt har en lei tendens til å sette spor etter seg… Det er visst godt det snart er hverdag 😉
Håper du har en fortreffelig søndag! 🙂