Allergi, Billig mat, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Veggis
Comment 1

For mykje squash? Bak ei squashkake!

Eg har ikkje planta squash i år, men eg har erfart at når ein gjer det så blir det enten ingenting, elles så eksploderer det. Så sit ein der med squash til det tyt ut av dørene, og desperasjonen veks. Difor er oppskrifter som gjer at ein får brukt denne squashen kjærkome.

Squash har mange namn, Zucchini er det italienske, i Frankrike heiter den courgette. Kjem du til USA vil dei kalle den zucchini, medan i England seier dei courgette. Og her i Norge seier vi squash, forstå det, den som kan.

Med mindre squashen har fått seigt og trist skinn, brukar eg den med skinnet på. Det får du vurdere sjølv, eg syns at å skylle den godt og tørke den er nok klargjering før eg riv den til kaka. Slik gjorde eg det:

Squashkake

4 egg 
250 g sukker 
2,5 dl mild matolje 
400 g (evnt. skrelt og) riven squash 
350 g kveitemjøl 
1/4 ts. bakepulver 
2 ts. natron 
1/2 ts. salt 
2 ts vaniljesukker 
2 ts kanel 
½ ts malt muskat 
1 dl hakka mandlar eller valnøtter 
1 dl rosiner 

Sett steikeomnen på 180 grader. Smør to avlange kakeformer, og strø dei med kveitemjøl eller semulegryn. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland inn olje og den rivne squashen. Bland kveitemjøl, salt, krydder, bakepulver og natron i ein bolle, og ha i nøtter og frukt. Vend det godt inn før du har det i eggedosisblandinga, og rører det heile glatt.

Fordel røra i formene, og steik kakene på 180 grader i ca. 40-45 minutt. Sjekk med ein pinne om kakene er ferdige, når det ikkje sit røre på pinnen når du dreg den ut er kaka ferdig. Du treng ikkje ein fancy pinne frå ein kjøkkenbutikk for å gjere dette, ein spagettipinne gjer nytta! Veldig greitt, då kan du kaste den etterpå. 

La kakene kvile litt i forma før du vender dei på ei rist og lar dei kolne under eit reint handkle. Når det er fest brukar eg å piske ein pakke Philadelphiaost med 300 g melis og to teskeier sitronsaft og smøre på som glasur. Til kvardags klarer det seg med eit melisdryss. 

Dei smarte har no forstått at denne kaka kan varierast i det vide og det breie. Bytt ut squashen med finhakka graskarkjøt, hokkaido, rivne gulrøter eller mosa banan. Alt blir smaskens. Nøttene og frukta kan og varierast etter kva du har, hasselnøtter, tørka aprikosar, sukat eller hakka svisker kan erstatte det eg har foreslått. Hald deg til mengdene eg har oppgitt, så blir det bra. Eg har lagd den med knust ananas frå boks, det vart også veldig godt. Denne kaka er mjølkefri.

1 Comment

  1. Det kan hende eg tek deg på ordet! Ei venninne let opp bagasjerommet ein dag ho henta meg her ein. Eg la inn ein squash (eller skvåsj som eg skriv for å irritere) og sa at ho veit vel at ein ikkje skal opne bagasjerommet i graskartida i Amerika. Kvart år forsømer eg eit eksemplar. Eg oppdaga eitt i år og. Dei store bør rivast, ja.
    Eg grev ned «innekomposten» og legg god jord oppå. Då innbiller eg meg at det vert varmt og næringsrikt.
    Takk for oppskrift!

Leave a Reply