Billig mat, Mat, Middag, Supper
Comments 4

Môr i suppa

No er det ei glede å gå i butikkane og handle inn til middag, det bugnar av nydelege grønsaker som ikkje har reist langt. Eg får frysningar når eg ser asparges frå Peru i november, og jordbær frå Belgia i april. Mat heimafrå er det beste, både for smaken og for miljøet.

Eg har vore på torget og kjøpt løk, selleri og gulrøtter i bunt, sukkererter og fersk purre. Dette brukar eg til å lage ei smakfull seinsommarsuppe, der vitaminane og fargane lyser mot oss. Tidlegare har eg slått eit slag for bacon i lapskaus, og det fall i god jord. I sommarsuppa mi vil eg foreslå å bruke tørka môr for å gje god smak. Det er ikkje storleiken på bitane det kjem an på, men intensiteten i kjøtsmaken som kjem av krydringa og tørkinga.

For oss som bur i Oslo er det lukke på jorda når det kjem besøk frå Sunnmøre med nokre kveilar tørka môr i bagasjen. Når eg lagar suppe har eg i nærast finhakka môr, ei veslefingerlengd er nok til ei stor suppegryte. Ekstra god smak vert det dersom du steiker môrbitane først, då smeltar og feittet ut om du er redd for det. Ei venninne heimafrå lagar suppebollar av rå môr som ho klemmer ut av skinnet og kokar i suppa, genialt! Slik lagar du suppe til fire kjempesvoltne:

mor i suppaKjøtsuppe

100 g sellerirot

Ein vanleg løk

Fem gulerøtter

Fire-fem poteter

Ein neve sukkererter

Ein purre

ca. 50 g finhakka môr

1 ss smør eller margarin

To liter vatn

Tre buljongterningar, helst type Klar kjøttsuppe

Ein timiankvist eller 1 ts tørka timian

Hakka grasløk

Salt og nykverna peppar

Hakk môren fint, og steik han fort på høg varme i ei steikepanne. Skrell og skjer grønsakene i terningar.  Smelt smøret i ei vid gryte, og surr løken, sellerirota og gulerøttene i det. Ha i potetterningane og môren, og slå over to liter vatn. La det heile koke opp, og ha i buljongterningane. Ha i timian. La suppa koke i ca. 20 minutt.

Skjer purren i ringar, og rens og skjer sukkerertene på skrå. Ha dette i, og la suppa koke i to-tre minutt til. Sukkerertene og purren skal fortsatt gje litt tyggemotstand. Smak om suppa treng meir salt, og kvern over svart peppar. Dryss over grasløk, og server med godt brød til.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Supper

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Nydelig, og du minner meg mere og mere om moder`n 😉 Og det er ikke negataivt asså;)

    Og nå frista du meg jaggu meg til å shoppe purre og selleri; nå skal det jaggu meg bli suppe oppi lia her og;)

    Takk for supert fristende tips!

  2. Dette såg verkeleg godt ut.

    Var forresten i Oslo i helga med môr til trengande. Det store spørsmålet er: Skal det vere Ringdal-, stranda- eller Jakobsenmôr ?

  3. Fersk Jakobsenmôr til jul, tørka strandamôr på skiva! Slik er det iallfall her hos oss. 😉

Leave a Reply