Billig mat, Frustrasjonar
Comments 7

Den perfekte husmora? Neppe.

Kjekk og grei postar eg oppskrift på rognebærgelé, og eg må innrømme at eg underslo det faktum at det er iallfall seks år sidan eg lagde det sist. Første gongen eg gjorde det klatra eg i rognebærtrea på Nordstrand for å sette i gang fødselen på han som no snart er elleve, og som venta i seksten dagar over termindato før vi gjekk lei av å vente og eg grein meg til å få igangsatt fødsel.

Neste runde var i 2003. Då skreiv eg om rognebærgelé i Sunnmørsposten, og måtte nødvendigvis lage gelé for å ha noko å ta bilde av. Teksta eg posta her tidlegare er altså frå 2003, eg tilstår. No tenkte eg at her må noko skje, eg kan ikkje berre drive å late som om eg er ei prektig husmor. Her skal det lagast rognebærgelé etter eiga oppskrift. Eg rana eit rognebærtre i ein hage i Tyslevveien, fortsette bortover mot Ekeberghallen, og der fann eg meir, pluss nokre deilige, lyse eple på eit epletre som nokon hadde forlate. Perfekt!

Rognebæra vart rensa frå små sniglar med skal, eg kryssar fingrane for at ingen klarte å rømme. Dei eg fann skylte eg i do. Ein importerer ikkje nye snigeltypar inn til ring to.

IMG_0004Halvparten av bæra fekk ein tur i frysaren, like bra oppbevaring som noko anna, tenkte eg. Eg hadde faktisk ambisjonar om å gjenta den komparative studia med ein frosen batch og ein rett frå treet, men eg gav opp det på eit tidspunkt.

IMG_9999Epla vart befridde frå kjernehus og stilkar, eg tenkte at bæra er så beiske at dei ikkje trengde meir frå steinane. Så putta eg frosne bær, eple og vatn i ei gryte, og lot det koke opp. Det tok vinter og vår før bæra gjekk i oppløysing. Det heilte kokte sikkert ein halvtime, og til slutt knuste utolmodige meg bæra med ei sleiv.

IMG_0009Då sto eg att med ein ekkel oransj graut som akkurat ikkje gjekk oppi sila mi, så heile skiten velta. Påan igjen, og eg fekk stildra det heile opp att.

Der sto det og rann, og det kom nesten ingenting, og det som kom var rosa. Merkeleg. Eg trykte litt til, og det skulle eg ikkje ha gjort, då kom det oransj, matt gugge igjennom sila. Eg lot det stå, og gjekk laus på den delen av bæra som hadde stått i kjøleskapet. Same prosedyren vart gjennomført, og på eit tidspunkt kom eg på at eg skulle smake på den som sto og draup på benken for å kjenne om den hadde fått den sødmen den skulle ha etter frysinga. Fyttikatta, veit du kva kokte rognebær og eple utan sukker smakar som? Spy, ganske enkelt. Don’t try this at home, altså smake før sukringa.

Det er mogeleg at mine bær er plukka litt tidleg, og difor ikkje er så veldig saftige, men som nemnt har eg dårlege erfaringar med møll. Difor ville eg uansett gjere dette før møllen kom og åt trea reine. Eg syns det vart veldig lite saft av bæra. Eg endte opp med å bruke 4 dl vatn til 700 g bær og 350 g eple. Av dette fekk eg ca. tre dl saft, merkeleg nok. Etter å ha smakt på den søtaste av dei to batchane kom eg til at skilnaden ikkje kunne vere stor, og slo dei to saman.

IMG_0014Til saman hadde eg no sju dl saft, tjukk og fin. Såvidt eg kan forstå er det så mykje pektin i desse bæra og epla at geleringsmiddel strengt tatt ikkje er nødvendig. Det eg skumma av stivna i skåla før eg hadde fått rydda ferdig. Eg brukte likevel syltesukker, for det var det eg hadde. Eg kokte det heile opp, saft og sukker, og skumma og skumma. Til slutt sto eg att med vel 1 liter gelé som eg fylte på reine glas. Puh. Så mykje for lettvinte oppskrifter.

Og no? Den smakar faktisk ikkje så verst, denne geléen. Spysmaken er borte, og fargen er ikkje lenger rosa eller matt oransj, derimot blank og fin oransj. Eg er altså ganske fornøgd, sjølv om det å lage gelé ikkje var så enkelt som eg prøvde å late som då eg skreiv oppskrifta. Tilgje meg!

This entry was posted in: Billig mat, Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Elisabeth says

    Noen tips til hvordan fjerne gamle etiketter og lim? Det hender de sitter litt vel godt fast …

  2. Rita says

    Tji-hiiiii

    Så godt å høre at også du kan plages 😀 Jeg har enda ikke fått rips-geleen fra i fjor til å stivne og mitt ene forsøk på rognebærgele tror jeg vi forbigår i stillhet…..den så ikke ut som din gele for å si det sånn….

    Jeg har lært at man ikke skal knuse bæra for da blir geleen grumsete, men den du har bilde av her ser da klar og fin ut?

  3. Eg silte den til slutt, og skumma godt. Det gjorde nok at eg fekk relativt klar gelé. Og så trur eg nok at når det gjeld rognebærgelé så kan ein gå bort frå regelen om at ein ikkje skal lage stor porsjon. Bæra mine var iallfall så lite saftige at skulle det bli noko av det burde eg hatt meir bær.

    Det nye syltesukkeret har gjort heile gelégreia mykje enklare for meg. Då er du sikker på at det stivnar. Men har du allereie søta så blir det nok litt heftig med ny dose. Men når ripsgeléen ikkje blir stiv – då er den jo ripssaft! 😀

  4. Gamle etiketter går bort med aceton/limfjerner/neglelakkfjerner etter at du har fjernet mest mulig med oppvaskmaskin/skrubb og varmt vann.

  5. Anita K. says

    Akk, sånn er livet. Tungvint.
    Trur kanskje jeg holder meg til rene epleoppskrifter, selv om det er uvanlig mye fin rognebær nå….
    Fryse rognebæra først og deretter feks i saftkokeren med epler – størrelsesforhold quantum?
    Spysmak er ikke helt greia mi. 😆

  6. Anita K. says

    Hm. Såååå mye bær så jeg først nå. – kremt…

Leave a Reply