Billig mat, Fest, Fredag, Mat, Middag, Noko søtt, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 2

Haustleg overflod

På laurdag hadde vi det som sannsynlegvis vart den siste hagefesten for i år, og i dag regnar det. Sommaren er over, og vi sat inntulla i pledd med bål på grillen for å halde varmen.

Men det er fint med ein slik fest, der vi set på bordet haustleg overflod av god mat og godt drikke. Vi markerer overgangen til hausten og feirar den årstida då vi kan hauste alt som har modna.

Hos meg bugnar det av plommer, og eg leitar stadig etter nye, gode måtar å bruke dei på. Dei er søte og saftige, men må plukkast når dei er modne, og dei held ikkje lenge. Min kjøpmann frå Kashmir klagar over dei norske plommene, dei vert så fort skjemte i butikken, meiner han. Så kjøp dei når du finn dei, eller plukk dei i hagen viss du er så heldig å ha eit plommetre. I dag får du oppskrift på deilige bakte plommer, og viss du lagde plommeedikken eg foreslo for eitt par veker sidan så kan du faktisk bruke den i denne oppskrifta.

Eg likar også å bruke grønsaker som ikkje er så vanlege lenger. I salaten min i dag har eg neper, skorne i små terningar, slik at dei berre gir ein bitter og sprø smak utan å ta over og dominere smaksmessig. Det er ein spennande kontrast til den milde couscousen og og den saftige brokkolien. I Nord-Norge dyrka bestefaren min alltid neper, og ei periode hadde dei vel eit slags krisestempel. Men no er nepa eksklusiv og vanskeleg å få tak i, så bruk den når du finn den.

I tillegg til couscoussalaten har eg bakt sopp i omnen. Det er ein grei måte å lage sopp til mange på. Sopp fell veldig saman når den vert varma opp, for den gjev slepp på mykje av væta den har med seg frå skogen. Eg har ikkje fått vore så mykje i skogen denne hausten, så eg måtte ty til kjøpesjampinjong. Men den gjer nytta, og balanserer godt den lette salaten og det du måtte servere av kjøt eller fisk. Vi grilla kyllingfilet, og eg banka den ut slik at eg kunne lage ein rull av spekeskinke og kyllingbrystet som eg sikra med mentolfrie tannpirkarar.

Oppskriftene mine er store i dag, for eg lagde mat til ein fest med mange som ville smake. Salatoppskrifta må nok minst halverast dersom den skal serverast til fire.

Slik gjer du det:

couscoussalatCouscoussalat

250 g couscousgryn

2,5 dl kokande vatn

3 ss sitronsaft

1 ts buljong

4 stilkar vårløk

eit brokkolihovud

Fire små neper

100 g tørre, brune linser

100 g korintar

Ein paprika

Eit beger ruccolasalat

Kok linsene i godt salta vatn så lenge som det står oppgitt på pakken. La linsene kolne. Del brokkolien i bitte små bukettar, ikkje meir enn ein cm kvar. Kok dei i to minutt i salta vatn. La dei renne av, og kolne. Slå det kokande vatnet i ein romsleg bolle, og løys opp buljongen i det. Ha i sitronsafta, korintane og couscousgryna. Rør medan gryna syg opp væta, slik at det ikkje vert for klumpete.

Skrell nepene, og rens paprikaen. Hakk nepene, vårløken og paprikaen fint, og bland alt saman. Vend inn ruccolablada til slutt. Smak om det trengst meir sitronsaft, og kanskje trengst det og litt salt og peppar.

Bakt sopp

1 kg rensa sopp

1 dl olivenolje, extra virgin

Salt og peppar

Saft av ein sitron

Set omnen på 200 grader. Del soppane i passe bitar, og ha dei i ein bolle. Slå over oljen, og kast soppane rundt slik at dei får olje over heile seg. Kvern over salt og peppar, og ha dei i ei eldfast form. La soppane bake til dei har falt saman, og har fått fin farge. Det tek ca. 30 minutt. Ha soppane over i ei skål, og kryst over sitronsaft.

Plommedesserten kan du servere med vaniljeis, ostekrem, vaniljekesam eller rømmesaus. Slik gjer du det:

bakte-plommer1Bakte plommer

1 kg plommer

3 ss sukker

1 ts vaniljesukker

5 ss plommeeddik eller eplesidereddik

3 stjerneanis viss du har

Set omnen på 200 grader. del plommene, og fjern steinane. Del plommene i båtar, og ha dei i ei eldfast form. Dryss over vaniljesukker og vanleg sukker. Ringle over eddiken. Har du ikkje plommeeddik, kan du bruke eplesidereddik, sherryeddik eller eplejuice. Bak plommene i 25 minutt. La dei kolne litt. Lag gjerne plommene klare før gjestane kjem, og så set du den i omnen når dokke går til bords.

Ostekrem

1 pakke nøytral Philadelphiaost

2 ss melis

1 ts vaniljesukker

2 ss sitronsaft

3 ss matfløte

Pisk saman alle ingrediensane, og server det til plommene.

Rømmesaus

Same som over, men bytt ut kremosten med 2 dl rømme, og dropp matfløten.

2 Comments

  1. Åh – har du noen gode måter å bruke rødbeter på? Vi har kommet på sylting , ovnsbaking, surring med litt smør som tilbehør og rødbetesuppe (konklusjon: for viderekommende), men der stopper fantasien. Vi har vært heldige med rødbetene i år og vil gjerne bruke dem – helst som tilbehør…

  2. Lag rødbetkake! Bruk squashkakeoppskrifta mi, og bytt ut squashen med rivne rødbeter. 😀

Leave a Reply