Billig mat, Fest, Kaker, Mat, Noko søtt, Ostekaker, sylting og safting, Tilbehør
Comments 12

Haustetid før hufsa kjem

Har du det som meg, at du får låkt i hjarta når du ser frukt, bær og grønsaker som ikkje vert hausta? Akkurat no er det mykje slikt som plagar meg. Skogen står full av traktkantarellar, eplehagane bugnar og frukta blir til kompost, og dei som er att av tomatane mine heng ute grøne og fine, utan von om å modne no når det er like før hufsa kjem. Det er grenser for kor mykje traktkantarellar ein kan plukke, eple ein kan safte og tomatar som kan modne i vinduskarmen.

Tomatar2Det er det eg gjer, nemleg; tomatane vert hengt opp i hyssing, og så får dei modne på kvisten sin til dei har fått rett farge og smak.

Men dei store er det vanskeleg å redde, og dei blir liksom aldri gjennommodne. Så difor har eg lagd tomatmarmelade! Ein syrleg-søt, tjukk marmelade som kan etast som tyttebærsylte, til steik, kjøtkaker eller til ein god ost.

Tomatane kan syltast og, med eddik og krydder. På den måten får eg betre samvit, og det er kjekt å finne fram små spesialitetar frå skapet framunder jul. Fyll det du lagar på fine glas, og gje dei som gåver, eller sett dei på festbordet. Tomatmarmeladen kan du servere saman med ein fast snøfrisk til dessert, og sylta grøne tomatar får følgje nyttårskalkunen på bordet.

Såg du filmen ”Stekte grønne tomater”? Det er ei fantastisk forteljing om to kvinner som bur ilag og samarbeider om å drive The Whistlestop Café, rett ved togsporet ein stad i USA. Der lagar dei mat og skapar seg eit liv i kamp mot fordommar, rasestrid og klassemotsetnader. Finn du den i ei videosjappe så ta den med, og kos deg med ein deilig film. Som tittelen seier er steikte grøne tomatar deira spesialitet, og det er så lett at du treng ikkje oppskrift ein gong.

Viss du føler deg utrygg, så finn fram schnitzel-oppskrifta mi, du gjer det på same måten. Krydre mjøl og ha det i ei låg, vid skål, pisk saman to egg i den andre og ha strøkavring i den tredje. Vend tjukke tomatskiver i mjøl, så egg og så strøkavring. Steik i smør eller olje, og server som tilbehør til alt som er godt.

Men så var det marmeladen. Dette blir eit tjukt, søtt syltetøy med ein distinkt smak av sitron og kanel. Tomatane i seg sjølve smakar ikkje stort, så dei tek smak av det andre du puttar i gryta. Det kan bli for surt, då kokar du berre opp meir tomatar (viss du har) og puttar i. Bland gjerne i nokre raude og, då blir fargen finare. Det kan virke litt rart med salt i syltetøy, men det gir ein rund, fyldig smak, så du må ikkje droppe det. Slik gjer du det:

Tomatar1Tomatmarmelade av grøne tomatar

Ein sitron

1,5 dl vatn

Ein kilo tomatar

450 g sukker

1 ts salt

2 bitar kanelbork

Vask sitronen godt, og skrell den med ein potetskrellar, slik at du får av berre det gule skalet. Skjer det gule i tynne strimlar, og kok det i vatnet i ei stor gryte i 10 minutt. Pass på så det ikkje kokar tørt. Fjern det kvite som er att av skalet på sitronen, del sitronkjøtet i fire båtar og skjer båtane i tynne skiver. Fjern det du finn av steinar. Skyll tomatane, og del dei i fire. Fjern stilkfestet viss det er hardt, og skjer tomatbåtane i tynne skiver.

Ha sitronen og tomatane i gryta saman med sukker, salt og kanel. La det heile koke medan du rører av og til i nærare ein time. Fjern kanelborken, og fyll marmeladen på reine, nykokte glas.

Lagre marmeladeglasa mørkt og kjøleg. Vil du ha marmeladen litt meir chutney-aktig, kan du ha i litt eddik og gjerne ha i litt finhakka raud chili. Då blir den litt hot, og tøffare i smaken.

tomatar3Vi hadde ein familiebursdag i helga, og då tok eg eit glas med tomatmarmelade, blanda det ut med ein pakke stikkelsbærgelé og halv vassmengde og brukte det som gelétopping på ei vanleg ostekake. Det var kjempegodt, og ingen klarte å gjette kva som var i geléen. Det var ein perfekt kontrast mellom den deilige, krema ostekakemassen og den syrlege og søte geléen. Prøv det!

Oppdatert: For at syltetøyet skal halde seg lenge kan du gjere det på tre måtar: Alternativ ein: Bytt ut mengda vanleg sukker med syltesukker, altså 450 g. Då får du konserveringsmiddel i frå sukkeret. Alternativ to er å ha 1/2 ts atamon og 1/2 ts sitronsyre i sukkeret før du blandar det i. Alternativ tre er å ha i ein halv pakke jam eller certo syltepulver saman med sukkeret.

12 Comments

  1. Jeg kan ikke huske sist jeg lagde gelé, men er glad for å høre at det fortsatt finnes i stikkelsbærvariant. Det er altfor lite stikkelsbær igjen i verden!

    Tomatmarmeladen høres god ut, men jeg har begrenset tilgang på grønne tomater, for å si det mildt. Kan den lages med bare røde?

  2. Eg har ikkje prøvd med marmelade av raude tomatar, men det er jo berre å kaste seg ut i det. Eg ville vel kanskje ikkje teke dei aller modnaste?

  3. Det kan prøves. Å finne halvmodne tomater i norske butikker skulle jo være en smal sak!

  4. Hva tror du om å bruke Atamon i tomatmarmeladen? En ganske stor batch av den jeg lagde i fjor måtte kastes formedelst pels, og det var veldig ergerlig, for den er jo så god! Nå er jeg straks i gang med årets marmelade, og vil svært gjerne at den varer lenger i år.

  5. Oj, så synd, Britt Åse! Atamon kan sikkert brukast, litt sitronsyre og. Eller så kan du bytte ut sukkeret med syltesukker.

    Min batch gjekk så fort unna at den rakk ikkje å få pels. Eg skal korrigere oppskrifta!

  6. Hvem har ikke sett den filmen du…og grått…
    Jeg er av typen som får dårlig samvittighet for ikke ha tid til alt mulig ang bær og plommer, epler. Min mor ringer stadig; har du plukka ditt og har du plukka datt… 😉

    Vel, en kan ikke drive med alt, men du så deilig det er 😉 Her sitter jeg og blogger mens gutta gjør seg klar til fotballkamp;)=

  7. Det skjedd en beklagelig ulykke med tomatplantene mine mens jeg var i Paris. Tror du det er verdt å så nye, nå på høsten? Selvsagt innendørs.

  8. Jakob: Nei, dei er så lyskjære at det trur eg blir vanskeleg. Det kunne ha gått med drivhus med gjødning og temperatur- og lysregulering, men det er kanskje litt vel ambisiøst. Men neste sommar… 😉

  9. reidunn says

    Den tomatsylta skal prøvast eit anna år. Alle tomatane er snart mogne no.

  10. Katrine says

    Takk for kjempegod oppskrift! Måtte plutselig høste masse grønne tomater etter at den lille larven aldrimett begynte å forsyne seg. Syltet etter din oppskrift i går, og mumset ost og kjeks med tomatmarmelade i hele går kveld.

  11. Pingback: Ukens matblogger: Alt godt

Leave a Reply to Alt godtCancel reply