Lykke, Mat
Comments 2

Så gøy!

Dette var stas, så mange spennande og utfordrande spørsmål! Sist eg hadde spørjerunde måtte eg inn i søkeregisteret mitt og finne morsomme ting å svare på, denne gongen har eg meir enn nok  med alt de flotte lesarane mine lurer på. Vi går i gang:

Har du noen gode råd for min planlagte lille urtehage? Har bedt idErik om å snekre noen store kar/kasser i løpet av vinteren, slik at jeg fra neste vår kan dyrke urter og ha dem lett tilgjengelig på kjøkkenterrassen. Hva anbefaler du å begynne med (både mht hardførhet og anvendelighet)? Bør jeg så dem selv fra frø, eller kjøpe planter på hagesenter? Hva med de krukkene man får i matbutikken, duger de? Er det ellers grunner til at jeg bør gå vekk fra tanken om kasser, og heller anlegge urtehagen på bakken? Er ikke så glad i luking…

Det meste kloke eg har tenkt og gjort når det gjeld urter har eg fortalt om i dette innlegget. Kort oppsummert vil eg tilrå at du delar urtehagen din i to, der du har dei villige (og av og til for villige) urtene i ein del, og dei meir kjenslevare i den andre. enkelte urter må ha sol for å trivast, eg tenker særleg på timian, estragon og rosmarin. Andre toler alt av påkjenningar, og treng ikkje spesielt mykje sol, slik som salvie, grasløk, løpstikke, sitronmelisse, oregano, kvann og mynte.

Dei fleste matbutikkpotter kan plantast rett ut. Dei er så billige at eg aldri har sett meg syn med å så urter. Huskar eg rett når eg trur at du bur nordpå? Alle dei robuste eg har nemnt burde klare å overvintre der. Timian, estragon og rosmarin døyr til og med her hos meg midt i byen enkelte vintrar, så dei må du nok vere budd på å kjøpe nye av kvar vår.

Persille, sitronmelisse og salvie sjølvsår seg hos meg, då har eg småplantar å gi bort til verdig trengande. Basilikum vil bu inne, del potta, fjern småplantane og plant dei to delane i ei romsleg potte. Spis frå toppen og ned. Det viktigaste med urter er eigentleg at dei står slik til at du huskar på å plukke og spise av dei. For å unngå luking er det smart å plante tett, då blir det ikkje så mykje plass til ugras.

Sidan eg nett no driv og kokar ein artiskokk, for første gong, og har googla ein del for å finne ut korleis ein gjer det: Kva er ditt forhold til artiskokkar, og har du prøvd det, og har du ei oppskrift?  Då meiner eg rå artiskokkar, ikkje dei i olje (som også er deilige).

Rå artisjokk  har eg lagd til nokre gongar, dei skal koke ganske lenge. Kjenn etter når dei ytste blada løsnar lett, har eg lært. Eg serverer dei med ein god vinaigrette, til dømes denne. Du kan også lage ein hollandaise, det gir ein deilig rampete følelse, eller mjukt meierismør. Trikset er å dyppe den nederste delen av bladet i det feite, salte, og gnage av. Mmmm…

Marengs er ein god ting, men etterlet seg ei mengd med eggeplommer, korleis kan eg nytte desse?

Hos meg er problemet som regel motsett, eg lagar marengs fordi eg har eggekviter til overs. Det skjer fordi eg lagar aioli til nesten alle festar eg har eller skal til. Elles kan dei brukast i pasta carbonara, det er ein sikker vinnar.

Jeg vil gjerne ha tips om spennende nistepakkeforslag.
Ungene her er lei av den tradisjonelle matpakka…
Prøver å lage noe nytt innimellom,
men man har som kjent lett for å havne i en velkjent mønster…

Her i huset går det litt i wraps, tortillalefser med kremost, skinkeskiver og salat. Ein heil tomat ved sidan av, det blir så klissete å dele den opp i matboksen. Eg pakkar wrapsen inn i matpapir, set strikk på kvar ende og delar den i to. Då held den seg saman under transporten. Middagsrestar er også populært, kald pasta av alle slag glir ned på høgkant. Fiskekaker går også fint, så lenge matboksen ikkje skal vere med til langt utpå ettermiddagen. Paprika i båtar likar dei og, og sherrytomatar og sukkererter i matpakken er fest. Litt nøtter er stas, gjerne i ein liten spisspose av matpapir.

Urter innendørs – hva er lettest å få til? Eller. Hva bruker jeg lengst tid på å drepe,mest sannsynlig?

Det viktigaste med urter inne er faktisk å spise av dei. Ofte blir dei ståande som ein annan potteplante, og då forstår eg godt at dei byrjar å henge med nasa. No har eg persille og timian inne, mest fordi eg bur i tredje etasje, og det er langt å gå ned i kjøkkenhagen midt i middagslaginga. Å sende ned nokon for å plukke er også risikabelt, sist eg sende mannen min ned for å klippe med seg dill kom han opp att med to aspargesfjonestilkar. Mi erfaring er at alt trivest inne viss det vert klipt ned og brukt jamt og trutt.

Mange syns at basilikum er vanskeleg, men vert den eten av, får vatn kvar dag og vert tynna ut langs føtene så kan du ha den frå påske til langt over sommarferien. Eg køyrde rundt med ein basilikum i bagasjerommet ein sommar vi farta rundt i Norge, det var einaste måten å redde den igjennom sommaren på. Det lukta godt, og vi hadde fantastiske salatar den sommaren, same kvar vi kom.

Eg har blanda erfaring med estragon, den er litt pinglete og uhandterleg. Dessutan brukar eg vel for lite av den. Ha som hovudregel at du har inne det du brukar mest, så overlever dei nok.

Hva er den beste og enkleste alt-i-ett-gryta? Og har du oppskriften…? ;D

Det syns eg er desse to: kåkk og bøff.

Mer personlig: Hva er dine yndlingsparfymer, og hvorfor?

Det er mange, men eg har nokre som er nærare meg enn andre. Allure Sensuelle er ei slik, den er meg. Midt i livet, ikkje ung og fruktig, men langt unna det tørre og pudrete. Eg trur ikkje eg skal gå lenger i den karakteristikken. 😉 Bulgari Black er ei anna som eg elskar å gå med, androgyn, sexy, men ikkje utfordrande. Blomar kan og vere meg, gjerne noko med sjasmin og magnolia, som Magnolia Nobile som er så ny at eg ikkje har rukke å skrive om den enno. Den er frisk, velbalansert og tiltrekkande. Det var tre, viss du kjem på besøk skal du få lukte på fleire. 😀

No har eg for mykje tomater, røde og grønne. Kan det lagast syltetøy av dei røde også?

Eg har ikkje prøvd, men det går sikkert fint. Ikkje bruk dei aller modnaste, men som Jorun sa tidlegare i dag, å finne halvmodne tomatar rundt om i grønsaksdiskane kan ikkje vere vanskeleg.

Jeg har et spørsmål som du kanskje har skrevet om før, men jeg lurer allikevel: Hvem er Heidi (atså hun som noenganger skriver oppskrifter her inne)?

Heidi og eg møttest sommaren 2003, spleisa av Sunnmørsposten fordi vi begge hadde kontakta redaksjonen og meint at no måtte nokon skrive om mat på ein skikkeleg måte i den avisa. Fotografen som traff oss for å ta bilde av oss to timar etter at vi hadde møtt kvarandre for første gong spurde om vi hadde kjent kvarandre sidan vi var små. Vi avslutta setningane til kvarandre, og var utan å blunke med på kvarandres ville assosiasjonar og sprø innfall.

Heidi underviser i forskjellige matfag på høgskulen i Volda, og er den av oss to som kan å lage mat. Vi skreiv i Sunnmørsposten i lag i to år, annakvar veke. Då ga Heidi seg, men eg fortsette. Mykje av stoffet både Heidi og eg presenterer her har vore på trykk i avisa tidlegare.

Det har seg sånn at jeg for første gang sida jeg flytta hjemmefra bor i hus med hage. Og i den hagen er det to flotte trær med store mengder epler og plommer som jeg ikke har hjerte til å la gå til spille. Samtidig har jeg ikke helt overskudd til å begynne med sylting og safting i store mengder akkurat nå. Derfor går jeg og lurer på om det går an å rett og slett dele dem opp og fryse dem ned som de er, for så å ha dem i paier og muffins, eller evt. sylte ettersom jeg har lyst til det? Og burde jeg i så fall sukre dem først? Forvelle?

Du kan fryse plommer både rå og forvella. Litt sukker gjer ingen skade, det gjer at frysinga og tininga vert meir skånsam, det er ikkje så stor risiko for fryseskadar, altså tørka og trist frukt. Rå eple har eg ikkje frose, men det er ikkje verre enn at du prøver deg over eitt par netter med skrelte og utsteina eple i frysaren, tinar det og ser korleis dei har klart seg. Og så må du jo prøve eple- og plommesyltetøyet mitt, men det har du sikkert sett.

Eg syns den enklaste måten å prekivere masse frukt og bær på er å safte dei. Du treng ikkje saftkokar for å safte, eit klede til å sile safta igjennom er nok. Ha frukta i ei stor gryte, og kok den i 10-15 minutt til den har safta seg godt. La det kolne.

Legg kledet oppi ei bøtte med stoffet ut over kantane, og hafrukta oppi der att. Knyt kledet saman stramt med eit snøre som er sterkt nok til å halde det heile oppe. Fest snøret i noko som gjer at kledet med frukta i heng over bøtta slik at det dryp ned i bøtta. Vi gjorde det på spiskammerset i «gamle dagar», der var det krokar i taket. Eg har også sett det gjort under ei trapp. Det er ein fordel om det står kjøleg.

La det heile stå i eitt par dagar. Kok opp safta på nytt, og tilsett 400-600 g sukker og 1 ts sitronsyre per liter saft. Vask flaskene du skal bruke, og la dei ligge litt i kokande vatn tilsett litt atamon. Fyll safta på varme flasker, og kork dei. Vinflasker med skrukork er perfekt, du kan også kjøpe nye korker til den andre typen vinflasker. 

Safta kan og frysast. Då kan du t.d. fylle den på mjølkekartongar som du merkar godt. (Dumt å ta feil…) Då kan du droppe atamon.

Og til slutt – et spørsmål som kanskje avslører vel mye hvor dårlig jeg er på huslige saker: jeg har en fin, synes jeg, randform. Den kan man helt sikkert bake lekre kaker i. Jeg har forsøkt, og forsøkt. Men jeg får ikke kakene ut av forma i et perfekt stykke. Hva skal jeg smøre med?

Har du dobbeltsmurt? Smør forma med smelta smør, og vend eitt par spiseskeier mjøl eller semulegryn rundt i den til heile innsida er dekt. Eg syns det er deilig med semulegryn, det minner meg om noko eg ikkje veit kva er, men som gjorde meg veldig lykkeleg. Mange vil heller ha mjøl, det er ei smaksak. Når du brukar både smør og mjøl burde kaka løsne fint.

Eit anna triks er å la kaka kolne før du vender på forma, altså la den stå heilt i fred. Det kan vere vanskeleg, men tolmod betalar seg i dette tilfellet. Når kaka har kolna fell den lettare ut av forma. Eg har også fått anbefalt formfeitt, eg veit at Ree, som er The Pioneer Woman svergar til det. Eg brukar berre formfeitt når eg skal steike vaflar til loppemarknaden på Ila.

Det var alt for i dag, kjem det fleire spørsmål før 60 000-talsmerket så får dei svar, dei og, for dette er så artig…

This entry was posted in: Lykke, Mat

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

Leave a Reply