Billig mat, Grønt, Mat, Tilbehør, Vegansk, Veggis
Comments 9

Meir moro med grøne tomatar

Grøne tomatar kan også syltast, det blir ein slags «pickle», det klassiske engelske tilbehøret til kjøt, ost eller til ein Guinness. Slik gjer du det:

Sylta grøne tomatar

1 kg små, faste tomatar

2 liter vatn

2,5 dl 7% eddik

750 g sukker

8 kryddernellikar

Ein stjerneanis eller 1 ts sennepsfrø

Kok opp vatnet i ei romsleg gryte. Skyll tomatane, og skjer eit lite kryss i skalet. La tomatane småkoke i eit minutt. Ta dei opp, og legg dei i iskaldt vatn slik at det vert lett å fjerne skalet. La dei renne av medan du har eddik, sukker og krydder i ei gryte. Brukar du stjerneanis får tomatane ein lakrisaktig smak, med sennepsfrø vert smaken litt meir vaksen. Rør til det kokar opp.

Legg tomatane i, og la det sydekoke til dei er møre, utan at dei går i oppløysing. Ta dei ut med ei holsleiv, og legg dei i ei skål. La laken koke inn litt, og skum av viss det trengst. Legg tomatane tilbake i laken, og gje det heile eit oppkok. Legg tomatane på reine, nykokte glas, og fyll på med laken. På dette stadiet kan du dele tomatane, viss du syns det gjer dei litt meir handterlege.

Lagre dei sylta tomatane mørkt og kjøleg. Dei sylta tomatane held seg i årevis, men det er ingen grunn til at dei skal stå i kjellaren. Kos deg med dei som tilbehør til middagar av ulikt slag, mellom anna passar dei godt til indisk mat!

9 Comments

  1. Villrose says

    Hvordan kan du vite at vi har så mye grønne tomater i år??
    😉

    Joda, tomatmarmeladeoppskriften er arkivert, og denne ser også meget interessant ut…

  2. Utrolig hva man kan gjøre med grønne tomater. Har ikke smakt noen slike grønn-tomatprodukt, men det høres spennende og lekkert ut 🙂

  3. Villrose: Vill gjetting! 😉

    Anne: Ja, dette er litt annleis og spennande tilbehør. Og ein fin måte å utnytte noko som elles berre blir kasta på!

  4. Pingback: Ørten kilo modne og umodne tomater høstet inn, dette gjør jeg med gullet: | Moseplassen

  5. Else Bratne says

    Jeg fjerner aldri skallet når jeg koker opp tomater til sylting,blir mere søl,og 10 min koking er veldig mye,hver sin smak men 3/4 min er nok.Prikk heller tomatene med gaffel.

  6. Pingback: Dette gjør du når tomatene ikke rekker å modne

  7. Bjørg Hafnor says

    Går det an å bruke kunstig søtstoff for en som har diabetes?

Leave a Reply to AnneliCancel reply